Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med sine tre romanar Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte.