Om Samlaget
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk og norske målføre. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning. Samlaget har lang tradisjon med omsetjing og utgiving av sentrale internasjonale titlar, både samtidsbøker og klassikarar.
Samlaget blei stifta i 1868 og har i 150 år fremja nynorsk språk og litteratur. Engasjerte forfattarar og tilsette i forlaget bidreg til eit stort mangfald av utgivingar av høg kvalitet. Vi ønskjer å nå ulike lesegrupper med gode bøker på nynorsk. Barn og ungdom er ei viktig målgruppe for forlaget.
Samlaget har som mål å dyrke fram dei gode forfattarane og utvikle dei gode bøkene. Samlaget vil vere den fremste samarbeidspartnaren for det offentlege i arbeidet med å fremje nynorsk språk og litteratur. Samarbeidet med andre nynorske organisasjonar og institusjonar er viktig for forlaget.
Det Norske Samlaget er delt i to organisasjonar: Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og Stiftinga Det Norske Samlaget. Litteraturselskapet er ein kulturpolitisk interesseorganisasjon som skal leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgiving. Forlaget Det Norske Samlaget er skilt ut som sjølveigande, forretningsdrivande stifting. For tida er John Ragnar Aarseth styreleiar. Forlaget har 30 fast tilsette medarbeidarar. Edmund Austigard er forlagsdirektør.