Nyheitsbrev

Meld deg på nyheitsbrev frå Det Norske Samlaget og få nyheiter og gode tilbod rett i innboksen. Vi tek personvern på alvor, og du kan vere trygg på at vi tek forsvarleg hand om personinformasjonen du gir. Les vilkåra våre for påmelding:

VILKÅR FOR PÅMELDING TIL NYHEITSBREV FRÅ DET NORSKE SAMLAGET.

Påmelding til nyheitsbrev frå Det Norske Samlaget er gratis og uforpliktande. Det er mogleg å seie opp abonnementet kva tid som helst. Ved å akseptere dei følgjande vilkåra samtykkjer du til at Det Norske Samlaget kan sende deg e-post om:

- Utgjevingar frå Det Norske Samlaget.

- Informasjon om Det Norske Samlaget.

- Tilbod, konkurransar, sal og arrangement.

Når du fyller ut påmeldingsskjemaet, samtykkjer du til at Det Norske Samlaget, Mariboes gate 13, 0183 Oslo, samlar inn, registrerer og lagrar personinformasjonen du har oppgitt for å kunne sende deg nyheitsbrev. Du kan når som helst tilbakekalle samtykket ditt ved å kontakte Det Norske Samlaget på e-post: ordre@samlaget.no, eller ved å nytte valet «meld deg av nyheitsbrevet» nedst i alle nyheitsbrevutsendingar. Om du vel å melde deg av nyheitsbrevet, blir dette notert, slik at du ikkje lenger mottek fleire utsendingar. Vidare kan du når som helst be om å få innsikt i kva for informasjon Det Norske Samlaget har lagra om deg, slik at informasjonen kan bli retta, sletta eller namnet ditt kan bli blokkert for fleire utsendingar.

Vår informasjon om deg vil bli halden konfidensiell. Det Norske Samlaget vil ikkje dele, selje eller på annan måte gjere tilgjengeleg informasjonen din med tredjepartar eller andre selskap utan ditt samtykke med mindre dette er rettsleg påkravd, eller nødvendig for å levere ei teneste eller vare du har kjøpt eller bedt om.