
FORFATTARSKULEN
Vil du bli forfattar? Då bør du søkje på Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring.
På Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring blir du ein del av eit unikt fellesskap og får møte nokre av landets beste og mest interessante forfattarar. Kurset er gratis, reise og opphald blir dekt for dei som treng det. I tillegg får kvar elev eit stipend på 15 000 til bruk på fagleg utvikling.
Kva er Forfattarskulen?
Målet med skrivekurset er å skape meir mangfald i det norske litteraturfeltet og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen. Skulen starta opp i 2022 og er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk. Til no har over førti elevar gått på forfattarskulen, og fleire har gitt ut bok allereie.
Kursåret 2027 er meint for deg som har noko skriveerfaring, og som er godt i gang med eit eller fleire skriveprosjekt. Du får moglegheit til å jobbe vidare med prosjektet og fårtilbakemelding på det gjennom året. Vi tilpassar kursinnhaldet ut frå prosjekta elevane jobbar med. Målet er å komme nærmare publisering i løpet av året, og å levere eit manus til vurdering i Samlaget når skuleåret er over.
Undervisninga består i stor grad av tekstsamtalar. Elevane leverer tekst til kvar samling og får respons frå lærarar og dei andre elevane. Det blir også praktiske skriveøvingar, forelesingar og møte med inspirerande forfattarar. Vi gir deg gode skriveverktøy og eit støttande miljø. Du får hjelp til å finne ut kvifor det kan stoppe opp i skrivinga, og til å komme vidare. Gjennom året blir det òg gitt individuell rettleiing og tilbakemelding på tekstane dine.
Kven kan søke?
Både dei som har gått skulen før, og dei som ikkje har gått på denne eller andre skrivekurs tidlegare, kan søkje. Du må ha fylt atten år og ikkje vere etablert som forfattar allereie. Nynorsk er arbeidsspråket på kurset. Det er sjølvsagt ikkje eit krav at du skriv feilfri nynorsk. Nokre av dei som har gått på kurset, har vakse opp med nynorsk, mens andre har eit meir nølande forhold til språket. Det viktigaste er at du har eit ønske om å arbeide litterært med nynorsk som skriftspråk.
Leiar for Forfattarskulen, Therese Tungen, følgjer deltakarane gjennom året, i samarbeid med redaktørar på Samlaget. Om du har spørsmål, eller lurer på om kurset er noko for deg, så send gjerne ein e-post til Therese: t.tungen@samlaget.no.
Minoritetserfaring
Forfattarskulen er for skrivande med minoritetserfaring. Nokre eksempel på kva vi legg i omgrepet «minoritetserfaring», er nasjonale minoritetar, skrivande med funksjonsnedsetjing eller funksjonsvariasjon, skeive og andre kjønnsminoritetar, skrivande med samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn eller innvandrarbakgrunn.
Skuleåret 2027
Samlingane går føre seg i Samlagets lokale i Oslo. Undervisninga består av fem fysiske helgesamlingar, og på kvar samling blir det seminar fredag kveld og laurdag og sundag på dagtid. Vi vil ta omsyn til behova til kvar enkelt elev undervegs, men samlingane er basertepå oppmøte. Det er ikkje lagt opp til digital undervisning. Du kan fint kombinere kurset med jobb eller studium, så lenge du kan setje av fem helgar i løpet av året.
Kven møter du?
Therese Tungen er leiaren for skulen. Ho har lang erfaring som forlagsredaktør innanfor både skjønnlitteratur og sakprosa og er forfattar av fleire kritikarroste, skjønnlitterære bøker. I tillegg møter vi kvar kurshelg éin eller fleire andre forfattarar. Blant dei som har vore gjestelærarar så langt, er Brynjulf Jung Tjønn, Camara Lundestad Joof, Fredrik Høyer, Demian Vitanza, Fatemeh Ekhtesari, Kathrine Nedrejord, Gunnar Wærness, Yohan Shanmugaratnam, Pedro Carmona-Alvarez, Kristin Fridtun og Arne Lygre.

«Eg kjende meg høyrd, sett og trygg. Det var spesielt lærerikt å oppleva korleis skrivinga kan samla, skapa band og nærleik i ei gruppe menneske med ulik bakgrunn.» Amalie Huyn Ju Eggen, tidlegare elev
«Å bli lesen og la andre kommentere tekst kan kjennast nakent, men saman skapte vi eit rom der vi kunne vere uredde og gi kvarandre tilbakemelding med gjensidig respekt og forståing.» Jeli Violeta Villanueva Storsve
«Å få moglegheita til å snakke om tekst og skriving med andre talentfulle, skrivande menneske har vore ei heilt ny erfaring for meg, og noko eg har fått enormt mykje utbytte av.» Lukas Andersen
«Å ha eit skrivarfellesskap med folk som var venleg innstilte, og som heia på meg, var veldig fint. Eg lærte mykje av undervisninga og dialogen me fekk, frå og med ulike forfattarar.» Stine Hanssen Brattland
Send ein søknad
I søknaden vil vi gjerne at du sender oss eit skriv der du fortel om deg sjølv, bakgrunnen din og motivasjonen din for å søke. I tillegg vil vi gjerne ha 10–15 sider skjønnlitterær tekst eller sakprosa skriven på nynorsk (t.d. dikt, kortprosa, novelle, utdrag frå større manus eller barnebok). Nynorsk er arbeidsspråket på kurset. Det er sjølvsagt ikkje eit krav at du skriv feilfri nynorsk. Nokre av dei som har gått på kurset, har vakse opp med nynorsk, mens andre kan ha eit meir nølande forhold til språket. Det viktigaste er at du har eit ønske om å arbeide litterært med nynorsk som skriftspråk. Søknadstekstane skal vere skrivne på nynorsk av deg og ikkje omsette ved hjelp av KI.
Send søknad til t.tungen@samlaget.no. Kontakt Therese om ev. spørsmål. Søknadsfrist: fredag 12. november 2026 kl. 23.59.
Trykk her for å lese meir om kva søknaden skal innehalde.
Datoar for samlingar i 2027:
1. samling: 19.–21. februar
2. samling: 16.–18. april
3. samling: 18.–20. juni
4. samling: 24.–26. september
5. samling: 19.–21. november
NB. Datoar for samlingar utanom dei første to treffa kan bli flytta, men då gir vi beskjed i god tid.


