PERSONVERN 

Det Norske Samlaget (heretter omtalt som Samlaget) behandlar personopplysningar om kundar og brukarar av dei produkta og tenestene vi tilbyr. Nedanfor beskriv vi kva for opplysningar vi behandlar, kva vi gjer med dei, og korleis vi tar hand om personvernet. Hensikta er at du som nyttar våre tenester skal vere trygg på at Samlaget tek hand om ditt personvern. Den behandlingsansvarlege er Stiftinga Det Norske Samlaget, Mariboes gate 13, 0183 Oslo. 

Viss du har spørsmål om korleis Samlaget behandlar personopplysningane dine, kan du kontakte oss på ordre@samlaget.no. 

Vi behandlar opplysningar om deg så lenge vi har eit kundeforhold til deg, har forpliktingar som følgje av inngåtte avtalar eller så lenge det er lovleg grunnlag for det. Deretter vil dine opplysningar bli sletta eller gjort anonyme. 

Når du kjøper noko direkte frå oss, tek vi vare på opplysningane du oppgir saman med kjøpshistorikken din. Vi lagrar kjøpsinformasjonen din, slik som namn, adresse, e-post, telefonnummer og kjøpshistorikk i samband med rekneskapslova og for å kunne oppfylle avtalen om kjøp med deg. Vi har òg ein rettmessig interesse i å ta vare på kjøpsinformasjonen og -historikken din så lenge du er i eit kundeforhold til oss. 

 

Bruk av informasjonskapslar 

Vi brukar informasjonskapslar (cookies) for å sikre at nettsida vår fungerer ordentleg, gjenkjenne brukarar som besøkjer nettsidene våre, og for å analysere trafikken med det føremål å kunne gi god brukaroppleving. Når du nyttar samlaget.no godkjenner du òg bruk av informasjonskapslar. Du kan sjølv kontrollere kva for cookies som blir plasserte i din nettlesar.  

Kva er informasjonskapslar? 

En cookie er ei lita tekstfil som ein nettstad – når det blir besøkt av ein brukar – ber nettlesaren din om å lagre på eininga di for å hugse informasjon om deg, til dømes språkinnstillingane eller innloggingsinformasjonen. Desse cookieane er satt av oss og blir kalla førsteparts cookies. Vi brukar òg redjeparts cookies – som er cookies fra eit anna domene enn domenet til nettstaden du besøkjer – for annonserings- og marknadsføringstiltaka våre.  

Kva brukar vi informasjonskapslar til? 

Webanalyse. Vi samlar inn opplysningar om besøkande på våre nettstader, med det føremål å utarbeide statistikk som vi brukar for å forbetre og vidareutvikle nettstadene våre. Døme på kva statistikken gir oss svar på er: Kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varar, kva for nettstader brukarane kjem frå og kva for nettlesarar som nyttast. Til dette føremålet nyttar vi verktøyet Google Analytics. Sjå Google Analytics sine prinsipp for trygging og personvern for å lære meir om korleis verktøyet innhentar, lagrar og nyttar data.  

Innlogging og handlekorg. For å vite om brukarar er logga inn og dermed kunne avgjere kva for innhald dei har tilgang til og for å kunne tilby handlekorgløysingar nyttar vi informasjonskapslar. Dersom brukarar ikkje har bedt om å bli hugsa/forbli innlogga vil desse informasjonskapslane bli sletta når nettlesaren blir lukka. 

Brukarpreferansar. På enkelte nettstader nyttar vi informasjonskapslar for å husgse valgte preferansar. Dette er faste informasjonskapslar med lang utløpstid. 

Sosiale medier. På nettstader som har sporingspikslar eller integrasjonar med sosiale medier vil det sosiale mediet kunne registrere brukaren sitt besøk. Dette er informasjonskapslar som vi ikkje har direkte kontroll over, men ein kan gjere innstillingar i nettlesaren for å hindre at desse nettstadene sporar ein brukar. 

Marknadsføring. Vi brukar tredjeparts informasjonskapslar for marknadsføring på enkelte sider. Vi nyttar ikkje dette inne i nokon av våre digitale produkt, men dette kan bli nytta på sider med informasjon eller marknadsføring av produkta våre. 

Vi brukar forskjellige typer informasjonskapslar. 

Heilt nødvendige informasjonskapslar for å få nettstaden til å fungere og kan ikkje slås av i systema våre. Dei er vanligvis baserte på dine val for ei teneste, slik som å fastsette personverninnstillingar, pålogging eller utfylling av skjema. Du kan merkje av at nettlesaren skal blokkere eller varsle deg om disse informasjonskapslane, men da kan det hende at nokre delar av nettstaden ikkje fungerer som dei skal. 

Ytingsbaserte informasjonskapslar gjer at vi kan telje besøk og trafikkilder, slik at vi kan måle og forbetre ytinga til nettstadet vår. Dei hjelper oss å vite kva for sider som er dei mest og minst populære og sjå korleis besøkande brukar nettstaden. All informasjonen som desse informasjonskapslane hentar inn, er aggregert og derfor anonym. Viss du ikkje tillater desse informasjonskapslane, veit vi ikkje når du har besøkt nettstaden vår. 

Funksjonsbaserte informasjonskapslar bidreg til forbetra funksjonalitet og tilpassing, som videoar og direktechat. Dei kan være fastsette av oss eller tredjepartar som har tjenester som vi nyttar på sidene våre. Viss du ikkje tillater disse informasjonskapslene, kan det hende at nokre av eller ingen av disse funksjonene fungerer som de skal. 

Målretta informasjonskapslar er fastsette gjennom nettstaden av reklamepartnarane våre. Dei kan brukast av desse selskapa til å byggje ein profil med interessene dine og vise deg relevante annonser på andre nettstader. Dei fungerer ved å identifisere nettlesaren og eininga di. Viss du ikkje tillater desse informasjonskapslane, vil du ikkje få målretta reklame på tvers av ulike nettstader. 

Du kan sjølv kontrollere kva for informasjonskapslar som blir plasserte i din nettlesar. Klikk på lenka for å endre samtykkepreferansane dine. 

 

Mottakarar av nyheitsbrev 

VILKÅR FOR PÅMELDING TIL NYHEITSBREV FRÅ DET NORSKE SAMLAGET. 

Påmelding til nyheitsbrev frå Det Norske Samlaget er gratis og uforpliktande. Det er mogleg å seie opp abonnementet kva tid som helst. Ved å akseptere dei følgjande vilkåra samtykkjer du til at Det Norske Samlaget kan sende deg e-post om: 

- Utgivingar frå Det Norske Samlaget. 

- Informasjon om Det Norske Samlaget. 

- Tilbod, konkurransar, sal og arrangement. 

Når du fyller ut påmeldingsskjemaet, samtykkjer du til at Det Norske Samlaget, Mariboes gate 13, 0183 Oslo, samlar inn, registrerer og lagrar personinformasjonen du har oppgitt for å kunne sende deg nyheitsbrev. Du kan når som helst tilbakekalle samtykket ditt ved å kontakte Det Norske Samlaget på e-post: ordre@samlaget.no, eller ved å nytte valet «meld deg av nyheitsbrevet» nedst i alle nyheitsbrevutsendingar. Om du vel å melde deg av nyheitsbrevet, blir dette notert, slik at du ikkje lenger mottek fleire utsendingar. Vidare kan du når som helst be om å få innsikt i kva for informasjon Det Norske Samlaget har lagra om deg, slik at informasjonen kan bli retta, sletta eller namnet ditt kan bli blokkert for fleire utsendingar. 

Det Norske Samlaget vil ikkje dele, selje eller på annan måte gjere tilgjengeleg informasjonen din med tredjepartar eller andre selskap utan ditt samtykke med mindre dette er rettsleg påkravd, eller nødvendig for å levere ei teneste eller vare du har kjøpt eller bedt om. 

 

Førespurnadar til kundeservice 

Om du kontaktar oss med førespurnadar om produkta og tenestene våre via e-post, tek vi vare på opplysningane du oppgir. Dette gjer vi for å kunne følgje opp førespurnaden og gi deg tilbakemelding. Vi slettar desse opplysningane med jamne mellomrom og seinast innan tre år etter førespurnaden er løyst. 

 

Deling av personopplysningar 

Vi deler personopplysningar når det er nødvendig for å oppfylle vår del av ein avtale med deg som kunde. Til dømes vil vi dele namn, e-post og adresse med distribusjonssentral for at du skal få levert ei vare, og når du gjennomfører ein betalingstransaksjon, blir informasjonen send vidare gjennom ei sikker betalingsløysing som er i kontakt med din bank. 

Vi deler òg personopplysningar med andre aktørar når vi nyttar andre underleverandørar for å oppfylle føremålet med produkta og tenestene våre. Underleverandørene våre får aldri tilgjenge til å behandle opplysningane til andre føremål enn dei vi har sjølv. 

 

Tredjepartar 

Sentraldistribusjon: Sentraldistribusjon sender alle bestillingar av fysiske varer frå nettbutikken. Vi sender informasjon om ditt kjøp til dei, slik at du kan motta produktet du har betalt for. Informasjonen dei mottar er: namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og kva for produkt som skal leverast. 

Shopify: System for nettstaden samlaget.no. Shopify lagrar ikkje personleg identifiserbar informasjon om deg, med mindre du registrerer deg som kunde. Informasjonen om deg blir lagra for at vi skal kunne gjennomføre avtalen vi har gjort med deg, t.d. å sende deg eit produkt du har kjøpt.  

Mailchimp: System for utsending av nyheitsbrev. E-postadresse og namn (viss oppgitt) blir lagra her om du har gitt samtykke til det. 

Klarna: Betalingsfunksjon i nettbutikken. 

Lingofy: Programvare for lisens av digital enkel nynorsk ordliste. 

Google Analytics: Webanalyse. 

Facebook pixel: Analyseverktøy for å måle effektiviteten av Facebook-annonsar, samt forstå forbrukaråtferd på våre nettsider. Ein liten kode-bit som blir integrert på nettsida via Facebook Business Manager som følgjer kundeåtferd fram til sal​​. 

Facebook Conversion API: Eit verktøy som brukar data til å målrette, optimalisere og måle Facebook-kampanjar. 

 

Kvaliteten på opplysningane 

Det er viktig at opplysningane vi har om deg, er korrekte og oppdaterte. Skulle opplysningar vere feil eller ufullstendige, kan du kontakte oss på ordre@samlaget.no. 

 

Dine rettar 

Sjølv om vi behandlar personopplysningane dine på bakgrunn av ditt samtykke, kan du kva tid som helst trekke tilbake samtykket ditt. 

Du har òg rett til å krevje innsyn i opplysningane vi behandlar om deg, og du kan klage til Datatilsynet viss du meiner at rettane dine ikkje blir varetekne. 

Meir informasjon om rettane dine finn du hos Datatilsynet.