Nynorsk retteprogram: Enkel nynorsk ordliste – digital utgåve


Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price1.250 kr

Få feilfri nynorsk med eit klikk! Saman med Lingofy har Samlaget laga ei digital utgåve av Enkel nynorsk ordliste. Programmet søkjer etter feil og inkonsekvent språk og rettar teksten for deg. Dermed har det aldri vore enklare å skrive rett nynorsk.

Programmet kan kjøpast som årleg abonnement. Når du har betalt for abonnementet, får du informasjon om innlogging og nedlasting på e-post frå Lingofy.

Enkel nynorsk ordliste er eit viktig hjelpemiddel for alle som treng å skrive nynorsk, til dømes journalistar og tilsette i offentlege og private verksemder.

Enkel nynorsk ordliste har 33 000 oppslagsord henta frå dagleglivet og frå ulike yrkesområde. Du får sjå den fulle bøyinga av alle orda. Ordlista har berre med éi form av kvart oppslagsord og er såleis ei normativ ordliste. Valet av oppslagsord og ordformer er medvite gjort og inneber at brukaren alltid kan vere sikker på å bruke ord og bøyingsformer som er konsekvente.

Abonnementet inneheld programtillegg til Microsoft Edge, Microsoft Word 2016 eller nyare (Windows, Mac OS og Chromebook), Chromebook og Google Docs, Google Chrome, Mozilla Firefox og Apple Safari. Eit verktøy der ein kan lage eigne språkreglar og tilleggsordlister, følgjer òg med.

Her kan du få ein gratis prøveperiode på 10 dagar.

Samlaget samarbeider med Lingofy og Tansa Systems AS om den digitale utgåva av Enkel nynorsk ordliste. Lingofy og Tansa leverer avanserte løysingar for retting av tekst. Lingofy er godt eigna for enkeltbrukarar, mens Tansa er tilpassa fleire brukarar. Ønskjer du informasjon om abonnement til arbeidsplassen din, kontakt salg@tansa.com. Les meir på tansa.com og lingofy.no.

Meldingar

Du likar kanskje desse

Sist sett på