Prøvelisens - Nynorsk retteprogram: Enkel nynorsk ordliste – digital utgåve
PRØVELISENS. PRØV PROGRAMMET GRATIS I 10 DAGAR. INGEN BINDING.
Få feilfri nynorsk med eit klikk! Saman med Lingofy har Samlaget laga ei digital utgåve av Enkel nynorsk ordliste. Programmet søkjer etter feil og inkonsekvent språk og rettar teksten for deg. Dermed har det aldri vore enklare å skrive rett nynorsk.
Programmet kan kjøpast som årleg abonnement. Når du har betalt for abonnementet, får du informasjon om innlogging og nedlasting på e-post frå Lingofy.
Enkel nynorsk ordliste er eit viktig hjelpemiddel for alle som treng å skrive nynorsk, til dømes journalistar og tilsette i offentlege og private verksemder.
Enkel nynorsk ordliste har 33 000 oppslagsord henta frå dagleglivet og frå ulike yrkesområde. Du får sjå den fulle bøyinga av alle orda. Ordlista har berre med éi form av kvart oppslagsord og er såleis ei normativ ordliste. Valet av oppslagsord og ordformer er medvite gjort og inneber at brukaren alltid kan vere sikker på å bruke ord og bøyingsformer som er konsekvente.
Abonnementet inneheld programtillegg til Microsoft Edge, Microsoft Word 2016 eller nyare (Windows, Mac OS og Chromebook), Chromebook og Google Docs, Google Chrome, Mozilla Firefox og Apple Safari. Eit verktøy der ein kan lage eigne språkreglar og tilleggsordlister, følgjer òg med.
Kjøp abonnementet her!
Samlaget samarbeider med Lingofy og Tansa Systems AS om den digitale utgåva av Enkel Nynorsk ordliste. Lingofy og Tansa leverer avanserte løysingar for retting av tekst. Lingofy er godt eigna for enkeltbrukarar, mens Tansa er tilpassa fleire brukarar. Ønskjer du informasjon om abonnement til arbeidsplassen din, kontakt salg@tansa.com. Les meir på tansa.com og lingofy.no.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO