Vennelaget Samlagsrota
Bli medlem i Vennelaget Samlagsrota!
Vennelaget Samlagsrota arbeider med å spreie kunnskap om nynorske forfattarar som gjev ut bøker på Det Norske Samlaget. Vi arbeider òg med å utvikle og skaffe støtte til tiltak og bokprosjekt som er viktige for nynorsken.
Vennelaget Samlagsrota vart skipa i 2013 av folk som sluttar opp om Det Norske Samlaget og er glade i nynorsk språk og litteratur.
Medlemskapen er gratis og kan teiknast ved å skriva til: samlagsrota@gmail.com
Velkomen som medlem!
Du finn oss også på Facebook.
Forfattarmøte
Samlagsrota har til vanleg fire medlemsmøte i året der vi presenterer ei aktuell bok gjennom ein samtale med den aktuelle forfattaren. Slike forfattar- og bok-kveldar går føre seg i eit eigna lokale i Oslo og er den viktigaste aktiviteten i Samlagsrota. På desse kveldane har vi også gjerne andre korte kulturinnslag. Og kaffi!
Vi har til no møtt desse forfattarane.
Styret i Samlagsrota inviterer også medlemene til andre tilskipingar som vi trur kan ha interesse. Vi informerer om dette i e-post til medlemene og på Facebook.
Styrking av nynorsken
Samlagsrota har gjennom åra også arbeidd med ulike saker for styrking av nynorsken. Det gjeld til dømes:
- Norsk ordbok/Leksikografisk arkiv.
- Fullføring av den store ordboka og vidareføring av ordsamlingane.
- Nynorske bøker og nynorsk materiell til skulebruk.
- Innspel til den nye språklova.
- Samarbeid med nærskylde tiltak.
Turar
Samlagsrota har også frå tid til anna arrangert turar til "nynorske møtestader". Såleis arrangerte Vennelaget tur til Aasmund Olavsson Vinje-jubileet i Vinje i 2018. Laget har også hatt tur til Garborg-heimen på Labråten i Asker.
Styret
Årsmøtet i Samlagsrota valde i mars 2025 dette styret: Marit Hovdenak,leiar, Oddrun Grønvik, Liv Hege Skagestad, Vidar Ystad, Geirmund Henjum og Håvard Tangen(styremedlemer)
Lenkjer: