Stockholmsyndromet
Innbunden

Romanar og noveller

Stockholmsyndromet

Stockholmsyndromet er ein roman om to sjelevenner frå kvar sin kant av universet: Planten Mju har flykta frå det gamle livet sitt på ein komet, og enda opp på jorda. Der bur Helene Alsterqvist, norsklektor, også ho kjenner seg fanga i den meiningslause kvardagen. Alsterqvist får ansvar for språkopplæringa til Mju, og dei endar snart opp som venner.

Då Atle Berge debuterte med Muntergang i 2010, skreiv ein indignert bokmeldar at forlaget «har lete forfattaren lage lapskaus av indrefilet, russiske erter og andre luksusingrediensar». No har vi gjort det igjen! Stokcholmsyndromet er ein roman om høgverdige emne som språk og einsemd, med ein tivolikomet, ei mistrantropisk stemme og to dystre romvesen i hovudrollene.

429,00 kr
Atle Berge
Om forfattaren

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.

Foto: Gry Traaen