Superpularen: roman

Skjønnlitteratur

Superpularen: roman

Satire om bokbransjen Den kresne novelleforfattaren Aleksander Martinson har oppnådd enorm suksess etter å ha gitt etter for marknadskreftene og skrive den erotiske kriminalromanen Superpularen. På same tid, i same by, skriv ein taxisjåfør ned alt passasjerane seier om Martinson og Superpularen. Sjåføren innser at han har nok historier til å skrive ei bok om Superpularen. Men under jakta på den siste avgjerande stemma, blir Martinson funne myrda, bunde til senga si, innsmurt i vaniljeis - og sjåføren blir mistenkt for mordet. Superpularen er ein underhaldande satire om bokbransjen og ei åtvaring om å ta litteraturen på alvor. Det er eit portrett av ein kultur der nokre menneske snakkar og snakkar, mens andre aldri kjem til orde.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188981
Atle Berge
Om forfattaren

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.

Foto: Gry Traaen