Om boka
Sitat frå melding
Med Marita har Atle Berge skapt eit portrett av ei beintøff ungjente, «modig, open, omtenksam», som skrive står, i kontrast til kjerneverdiane i lokalsamfunnet omkring henne. Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
«Jeg har akkurat lest siste side i en ekte oljeroman. Atle Berges "Puslingar" foregår i skyggen av Alexander Kielland ulykka, på strilalandet ikke langt fra Mongstad. I denne boka er ikke olja og Nordsjøen en kulisse, boka lever og puster med oljeungen Marita som mista faren i ulykka og vil bli ingeniør. I denne boka er de som leser bøker om filosofi og romaner fra bokklubben de fremmede, mens de som kan betjene et hydraulisk styringsystem er de trygge. Og så er det ei skikkelig god bok.» Aslak Sira Myhre
«Puslingar er ein spennande roman om livet etter den store ulukka ... ein vellukka oppvekstroman og tidskapsel, men ho er også meir enn det, sidan Marita gjer alt ho kan for å finna ut kva det eigentleg var som skjedde i Nordsjøen den marsnatta i 1980 ... Romanen peikar på mange interessante moment og detaljar kring og i samanheng med ulukka, poeng som kan vera mellom årsakene til at hendinga har så liten plass i det nasjonale medvitet. Nokon ville gjerne ha det slik. Marita finn mange opplysningar som skulle ha vorte drøfta betre, og me får tru at dei ein dag får slik oppfølging dei fortener, kan hende med romanen Puslingar som utgangspunkt.» Odd W. Surén, Dag og Tid