Birk og Barcelona-gjengen

Barn og ungdom

Birk og Barcelona-gjengen

9–12 år 10 min
Får Birk bli med på laget? Birk er ny i byen og på leit etter nokon å spele fotball med. Etter å ha bede helten Messi om hjelp møter han Barcelonagjengen, seks gutar som er minst like glade i fotball og Barcelona som han sjølv. Men har dei plass til ein ny spelar på laget? Birk må verkeleg vise kva han er god for! Birk og Barcelona-gjengen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland nivå 3.
199,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005770
Atle Berge
Om forfattaren

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.

Foto: Gry Traaen