InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Tanntrøbbel

6–9 år
Bli kjend med Besta og Bo! Besta har så vondt i ei tann! Men tanna vil ikkje ut, og Besta vil ikkje til tannlegen. Korleis kan Bo hjelpe Besta ut av tannknipa? Tanntrøbbel er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå. Leseland. Nivå 1.
249,00 kr
Sider
34
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187205
Anna R. Folkestad
Om forfattaren

Anna R. Folkestad

ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.