InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Blekksprut

6–9 år
Visste du at blekkspruten har tre hjarte og ni hjernar? 

Og visste du at nokre blekksprutar kan lyse i mørket? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om blekksprutar. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er skrive og rikt illustrert av Anna R. Folkestad.

Visste du at…? BLEKKSPRUT er ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.  
249,00 kr
Sider
35
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017001
Anna R. Folkestad
Om forfattaren

Anna R. Folkestad

ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.