Pyntepanikk
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Pyntepanikk

6–9 år
Besta og Bo pyntar til jul. Det er snart jul, og Besta og Bo skal gjere det julefint. Men Besta får ikkje julestemning, uansett kor mykje ho pyntar. Når Bo føreslår at dei kan bake peparkaker, skjer det noko som gir den perfekte julestemninga. For kva er det dei har mangla heile tida? «Pyntepanikk» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå.
249,00 kr
Sider
35
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009129
Anna R. Folkestad
Om forfattaren

Anna R. Folkestad

ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.