Jula er her!: 24 fantastiske julehistorier for barn
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Jula er her!: 24 fantastiske julehistorier for barn

9–12 år
«Boka frigjer jula frå klisjéane ved å bruke dei slik . som litterære motiv for å fortelje noko anna . noko meir og noko viktigare. Boka frigjer også lesaren i dei travle adventsvekene. Du les når du kan og når du vil.»
— Bergens Tidende
24 nye juleforteljingar for barn. I denne praktboka finn du nye juleforteljingar skrivne og illustrerte av Noregs fremste forfattarar og illustratørar for barn og unge. Førjulstida er den store ventetida, der barn over heile landet tel ned dagane til julaftan. Med «Jula er her!» kan barnefamiliar fylle ventetida med framtidas juleklassikarar. «Jula er her!» inneheld 24 vakre, morosame, spanande, mystiske og undrande historier for barn. Med bidrag frå A. Audhild Solberg, Agnes Ravatn, Arne Svingen, Bjørn F. Rørvik, Bjørn Ousland, Bobbie Peers, Christian Wiik Gjerde, Eivind Gulliksen, Frode Grytten, Gulraiz Sharif, Harald Nortun, Helene Uri, Herborg Kråkevik, Hilde Hodnefjeld, Ida Eva Neverdahl, Inga H. Sætre, Ingunn Thon, Jenny Jordahl, Jens Kristensen, Kaia Dahle Nyhus, Kari Stai, Kristian Krohg-Sørensen, Maja Lunde, Maria Parr, Mari Kanstad Johnsen, Marianne Gretteberg Engedal, Nora Brech, Norå Dåsnes, Ruth Lillegraven, Simon Stranger, Sunniva Sunde Krogseth, Susanna Kajermo, Svein Nyhus, Tegnehanne, Tom Egeland, Veronica Salinas, Victoria Sandøy, Øystein Runde, Øyvind Torseter og Åshild Irgens.
399,00 kr
Sider
171
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009648
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Som tekstane fangar bileta ikkje berre den tradisjonelle og gledelege høgtida, men den mangfaldige jula, den sorgfulle jula, den rotete, kranglete jula. Slik opnar dei historiene opp for kvardagen dei vert lesne inn i.»

— Periskop