Stockholmsyndromet: roman

Skjønnlitteratur

Stockholmsyndromet: roman

Stockholmsyndromet er ein roman om to sjelevenner frå kvar sin kant av universet: Norsklektoren Helene Alsterqvist kjenner seg fanga i ein meiningslaus kvardag, og opplever det mest som ei velsigning då ho blir bortført av eit romvesen - planten Mju som har flykta frå det gamle livet sitt på ein komet der meininga med livet er å leike med organiske karusellar.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182002
Atle Berge
Om forfattaren

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.

Foto: Gry Traaen