Alle mann i forsvar

Barn og ungdom

Alle mann i forsvar

6–9 år 10 min
Barcelona spelar aldri feigt! Så kva gjer Barcelona-gjengen når dei får beskjed om å spele alle mann i forsvar? Barcelona-gjengen skal spele mot Storebø, det einaste laget i byen dei aldri har vunne mot. Men når trenarane bestemmer at dei skal spele alle mann i forsvar, må Leo gjere opprør. Trenarane er nemleg foreldra hans, og han må få dei til å forstå at Barcelona-gjengen hatar å spele feigt. Alle mann i forsvar er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
199,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005763
Atle Berge
Om forfattaren

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.

Foto: Gry Traaen