Muntergang
Innbunden

Muntergang

Pål Stordalen er mistenkt for å meine at livet er latterleg. Ikkje berre har han slått seg saman med narkomane, Burroughs-lesande Katrine, han har forsømt karrieren som kokk, øydelagt den før svært velforma kroppen sin og ikkje brydd seg med at det sosiale nettverket raknar på alle kantar. Slike brot på Retningslinjene for vaksen oppførsel kan diktatorane i Alvorets sikkerheitsteneste (AST) ikkje tolerere.

Muntergang er forteljinga om to menneske med svært ulike innfallsvinklar til det meste.

429,00 kr
Atle Berge
Om forfattaren

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.

Foto: Gry Traaen