Robot-Birk

Barn og ungdom

Robot-Birk

6–9 år 12 min
Ny bok om Barcelona-gjengen! Barcelona-gjengen er klare for årets første kamp, men så må Birk på sjukehus. Det er krise. Han har gleda seg til å spele kamp heile vinteren. No får han ikkje sett kampen eingong! Korleis skal vennene greie å få han ut frå sjukehuset og ned på fotballbana? «Robot-Birk» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
199,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005800
Atle Berge
Om forfattaren

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.

Foto: Gry Traaen