InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Keeperkongen

6–9 år
Du har vel høyrt om Keeperkongen? Det er ingen i Barcelona-gjengen som likar å stå i mål, men ingen hatar det så mykje som Aleksander. No er det hans tur igjen, sjølv om dei tapte 7-0 sist han måtte vere keeper ... Denne gongen har trenaren henta inn eksperthjelp til treninga. Kan Keeperkongen lære Aleksander å ta ballen med hendene? Keeperkongen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland nivå 3.
249,00 kr
Sider
36
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189230
Atle Berge
Om forfattaren

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.

Foto: Gry Traaen