Oskar Stein Bjørlykke
(f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Oskar Stein Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som stiller tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv. Forfattarskapen dekkjer både dikt, forteljingar, romanar, barnebøker, barne- og meditasjonsbøker og eit musikkspel.
Dei siste åra har Bjørlykke gitt ut bøker som til ein viss grad tek utgangspunkt i biografisk stoff. Her finn vi Presta-Svein (1989), med forteljingar frå barndomsmiljø, Agape (1992), om studieår på Menighetsfakultetet, og Sally (1994), som portretterer eit prestepar frå mellomkrigstida. Desse bøkene har detaljerte tidsbilete og miljøskildringar som burde gi attkjenning for dei som var på same stad til same tid. Dei gir også innblikk i tette, lukka miljø som sikkert er ukjende for mange. Oskar Stein Bjørlykke viser ein audmjuk omgang med dei menneska og miljøa han skildrar. Det same gjeld for hans omgang med språket, som er enkelt og vakkert. Bjørlykke bur i Oslo.
Litterære prisar
- Falturiltuprisen Falturiltuprisen 2007
- Kritikarprisen
- Kulturdepartementets spesialpremiar for barne- og ungdomslitteratur
Vis alle prisaneVis færre prisar
Falturiltuprisen Falturiltuprisen 2007
Kritikarprisen
For Kom til dammen
Kulturdepartementets spesialpremiar for barne- og ungdomslitteratur
For Hendene i veret! Dikt, forteljing
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 1995
Jubileums-stipend frå Den norske Bokklubben
Jubileums-stipend frå Den norske Bokklubben 1986
Vekebladet Familiens ærespris
Vekebladet Familiens ærespris 1967.
Utgivingar av forfattaren
Ansikt
I sin knappe og konkrete stil presenterer Bjørlykke tekstar med eit sterkt personleg uttrykk, som samstundes verkar relevant og aktuelt for alle lesarar. Bjørlykke har skrive ei lang
Les meir …
Bakken
Om det universelle og eksistensielle ved å vere menneske. 16 korte noveller om menneskelege relasjonar gjennom ulike fasar av livet. Om lengten etter det som var, det som
Les meir …
Blikket: noveller
Om det universelle og eksistensielle ved å vere menneske. 16 korte noveller om menneskelege relasjonar gjennom ulike fasar av livet. Om lengten etter det som var, det som
Les meir …
Blikket: noveller
Breviarium: brevdikt
Korleis ville denne dagen bli? Ville det bli ein dansedag, ein morodag, ein glitredag?Det kunne ikkje Inger vite med det same ho vakna.Men dagen gjekk. Det var mykje
Les meir …
Den dagen
Den tid den sorg
Det dirrar slik
Utvalet inkluderer både dikt for barn og dikt for vaksne. Boka inneheld fleire tekstar om lyrikken hans, skrivne av redaktørane for boka, Jan Ove Ulstein, Jan Inge Sørbø
Les meir …
Diktet lyser i kvelden
Hovudpersonen er Andreas. Han har levd lenge saman med Kathi, som han møtte i studietida i Sveits. Eit velordna, arbeidsamt liv eit harmonisk samliv i det ytre, men
Les meir …
Dropar
Oskar Stein Bjørlykkes nye diktsamling tematiserer både angst, trøyst, forsoning og kamp for rettferd. Bjørlykke gir oss enkle, varsame dikt, der til og med små utvidingar blir eksplosive.
Les meir …
For deg
Gler meg
Godt mot
Han Tolle
Med eitt står pubertetstida klar og levande for han, med sterke minne om fotballspelinga med Hanni, konfliktane og vennskapen dei imellom _x0096_ som brast av ulike grunnar. Boka
Les meir …
Hanni
Hendene i vêret!
Vi følgjer han bort frå heimstaden til landsgymnaset på Voss, der han kjem i kontakt med det kristelege elevlaget, og vidare fram til avgjerda om å bli kunstmålar,
Les meir …
Himmel med måne i ne
Med denne utgivinga stadfester Bjørlykke på ny at han evnar å gå inn i barnets sansingar og tankar på ein truverdig måte. Med enkle grep får forfattaren fram
Les meir …
Hoppe i havet
Olvar og kameraten veks opp under siste verdskrig, og vi får høre om korleis dei to kameratane opplev å leve med lite mat, og redsle for soldatar og
Les meir …
Kom til Dammen!
Nær og poetisk barndomsskildring. «Eg stod og heldt hendene for auga. Opna dei, lukka dei, så det lynte og lyste, og fargane kom. Eller eg saup inn lufta
Les meir …
Litle meg: historier
Nær og poetisk barndomsskildring. «Eg stod og heldt hendene for auga. Opna dei, lukka dei, så det lynte og lyste, og fargane kom. Eller eg saup inn lufta
Les meir …
Litle meg: historier
Marie
Presta-Svein
Sally
Salmar
Skrift
Tusen gonger tusen
I Oskar Stein Bjørlykkes nye roman møter vi Erling Ollset, som veks opp med foreldra sine i Havneid, dit dei har flytta for at faren skal arbeide som
Les meir …
Vår tid
Boka gir ei tids- og miljøskildring av livet under norsk okkupasjonstid og tidleg etterkrigstid. I sentrum for handlinga står Erling Ollset som veks opp med foreldra sine i
Les meir …

