Vår tid
Innbunden

Romanar og noveller

Vår tid

I Oskar Stein Bjørlykkes nye roman møter vi Erling Ollset, som veks opp med foreldra sine i Havneid, dit dei har flytta for at faren skal arbeide som lærar. Det er både ei familiehistorie og ei tids- og miljøskildring, der vi får ei original framstilling av norsk okkupasjons-tid og tidleg etterkrigstid. Boka viser fram eit stort persongalleri, men i sentrum står familien på tre, ungguten Erling og foreldra hans. Og dessutan Annis, venen til Erling. Vår tid er ei poetisk og klok bok om å vere til stades i verda, på godt og vondt.

429,00 kr
Oskar Stein Bjørlykke
Om forfattaren

Oskar Stein Bjørlykke

(f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Oskar Stein Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som stiller tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv. Forfattarskapen dekkjer både dikt, forteljingar, romanar, barnebøker, barne- og meditasjonsbøker og eit musikkspel.

Dei siste åra har Bjørlykke gitt ut bøker som til ein viss grad tek utgangspunkt i biografisk stoff. Her finn vi Presta-Svein (1989), med forteljingar frå barndomsmiljø, Agape (1992), om studieår på Menighetsfakultetet, og Sally (1994), som portretterer eit prestepar frå mellomkrigstida. Desse bøkene har detaljerte tidsbilete og miljøskildringar som burde gi attkjenning for dei som var på same stad til same tid. Dei gir også innblikk i tette, lukka miljø som sikkert er ukjende for mange. Oskar Stein Bjørlykke viser ein audmjuk omgang med dei menneska og miljøa han skildrar. Det same gjeld for hans omgang med språket, som er enkelt og vakkert. Bjørlykke bur i Oslo.