Kom til Dammen!
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Kom til Dammen!

6–9 år
Olvar og kameraten veks opp under siste verdskrig, og vi får høre om korleis dei to kameratane opplev å leve med lite mat, og redsle for soldatar og bombefly. Sjølv om mange ting var annleis enn no, er det mange ting som er det same. Å ha ein ven er det same. Og å ha ein stad å møtast og leike samen. Og på same måte som det kan vere krig i verda no, var det krig her då.
151,00 kr
Sider
58
Utgivingsår
2003
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252161823
Oskar Stein Bjørlykke
Om forfattaren

Oskar Stein Bjørlykke

(f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Oskar Stein Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som stiller tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv. Forfattarskapen dekkjer både dikt, forteljingar, romanar, barnebøker, barne- og meditasjonsbøker og eit musikkspel.

Dei siste åra har Bjørlykke gitt ut bøker som til ein viss grad tek utgangspunkt i biografisk stoff. Her finn vi Presta-Svein (1989), med forteljingar frå barndomsmiljø, Agape (1992), om studieår på Menighetsfakultetet, og Sally (1994), som portretterer eit prestepar frå mellomkrigstida. Desse bøkene har detaljerte tidsbilete og miljøskildringar som burde gi attkjenning for dei som var på same stad til same tid. Dei gir også innblikk i tette, lukka miljø som sikkert er ukjende for mange. Oskar Stein Bjørlykke viser ein audmjuk omgang med dei menneska og miljøa han skildrar. Det same gjeld for hans omgang med språket, som er enkelt og vakkert. Bjørlykke bur i Oslo.