Blikket: noveller

Skjønnlitteratur

Blikket: noveller

Om det universelle og eksistensielle ved å vere menneske. 16 korte noveller om menneskelege relasjonar gjennom ulike fasar av livet. Om lengten etter det som var, det som kunne ha blitt, etter det som gir meining og glede. Om meistringa ved å lære seg å sykla, kjensla av å bli sett, enkle gleder som smaken av jordbær, og gripande opplevingar som å finna eller mista kjærleik. det som vart gitt meg ikkje med ein gong, men sakte dette eg må slå ring om meg sjølv før eg kan opna sirklane for andre, og halda av meg sjølv før eg kan halda av andre og så den djupaste smerta og den største gleda dei tangerer kvarandre slik natta og dagen rører kvarandre
329,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252197976
Oskar Stein Bjørlykke
Om forfattaren

Oskar Stein Bjørlykke

(f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Oskar Stein Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som stiller tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv. Forfattarskapen dekkjer både dikt, forteljingar, romanar, barnebøker, barne- og meditasjonsbøker og eit musikkspel.

Dei siste åra har Bjørlykke gitt ut bøker som til ein viss grad tek utgangspunkt i biografisk stoff. Her finn vi Presta-Svein (1989), med forteljingar frå barndomsmiljø, Agape (1992), om studieår på Menighetsfakultetet, og Sally (1994), som portretterer eit prestepar frå mellomkrigstida. Desse bøkene har detaljerte tidsbilete og miljøskildringar som burde gi attkjenning for dei som var på same stad til same tid. Dei gir også innblikk i tette, lukka miljø som sikkert er ukjende for mange. Oskar Stein Bjørlykke viser ein audmjuk omgang med dei menneska og miljøa han skildrar. Det same gjeld for hans omgang med språket, som er enkelt og vakkert. Bjørlykke bur i Oslo.