Den dagen
Innbunden

Den dagen

Korleis ville denne dagen bli? Ville det bli ein dansedag, ein morodag, ein glitredag?Det kunne ikkje Inger vite med det same ho vakna.

Men dagen gjekk. Det var mykje som hende. Noko var godt, noko var vondt. Små dikt følgde henne heile dagen, og ho såg det så tydeleg ...

Slik skriv forfattaren på baksida av denne boka. Han diktar på sin eigen lette, djupe måte om viktige ting i barns liv - og treffer barna heime.

349,00 kr
Oskar Stein Bjørlykke
Om forfattaren

Oskar Stein Bjørlykke

(f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Oskar Stein Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som stiller tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv. Forfattarskapen dekkjer både dikt, forteljingar, romanar, barnebøker, barne- og meditasjonsbøker og eit musikkspel.

Dei siste åra har Bjørlykke gitt ut bøker som til ein viss grad tek utgangspunkt i biografisk stoff. Her finn vi Presta-Svein (1989), med forteljingar frå barndomsmiljø, Agape (1992), om studieår på Menighetsfakultetet, og Sally (1994), som portretterer eit prestepar frå mellomkrigstida. Desse bøkene har detaljerte tidsbilete og miljøskildringar som burde gi attkjenning for dei som var på same stad til same tid. Dei gir også innblikk i tette, lukka miljø som sikkert er ukjende for mange. Oskar Stein Bjørlykke viser ein audmjuk omgang med dei menneska og miljøa han skildrar. Det same gjeld for hans omgang med språket, som er enkelt og vakkert. Bjørlykke bur i Oslo.