Vår tid

Oskar Stein Bjørlykke

Ei vakker og original familiehistorie frå norsk okkupasjonstid

I Oskar Stein Bjørlykkes nye roman møter vi Erling Ollset, som veks opp med foreldra sine i Havneid, dit dei har flytta for at faren skal arbeide som lærar. Det er både ei familiehistorie og ei tids- og miljøskildring, der vi får ei original framstilling av norsk okkupasjons-tid og tidleg etterkrigstid. Boka viser fram eit stort persongalleri, men i sentrum står familien på tre, ungguten Erling  og foreldra hans. Og dessutan Annis, venen til Erling. Vår tid er ei poetisk og klok bok om å vere til stades i verda, på godt og vondt.

Frå Bokmeldingar

"...en svært komplett roman, det vil si en roman som til fingerspissene kjenner sin egen litterære tone, sin egen skueplass, sine egne interesser og hensikter, uten noe sted å trå feil eller komme på avveier."
Frode Helmich Pedersen, Bergens Tidende

"På sitt beste skriv Bjørlykke i denne boka slik at einskilde ord vert sanne eller usanne, stikk i strid med det semantikken påstår."
Odd W. Surén, Dag og Tid

"Språkleg og stilistisk er Vår tid eit heilstøypt verk."
Steinar Lillehaug, Klassekampen

"Nært og sanselig. (...) Vår tid minner om Olav Duuns slektsromaner (...) Sjelden har jeg lest en roman som skildrer barndommens opplevelser på en mer troverdig og ukunstlet måte."
Mari Reinholt Aas, Vårt Land


ISBN: 9788252180589

Kategoriar: Oskar Stein Bjørlykke, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2012, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Oskar Stein Bjørlykke