Oddmund Hagen
(f. 1950) har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Hagen har fått mykje ros av kritikarane for sin kresne prosastil, og han har likeins hausta sterke lovord og vunne fleire prisar for barnebøkene sine. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen Utmarktrilogien, som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon, der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet. Bøkene representerer noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet.
For Utmark fekk Oddmund Hagen Nynorsk litteraturpris. Hagen blei nominert til Brageprisen i 1998 for biletboka Over jordet. Året etter fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Han er fast litteraturkritikar i Dag og Tid. Oddmund Hagen voks opp på Hemnskjel i Snillfjord, men bur no i Trondheim.
Litterære prisar
- Samlagsprisen
- Unni Sands biletbokpris
- Nynorsk litteraturpris
Vis alle prisaneVis færre prisar
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 1999
Unni Sands biletbokpris
For Over jordet
Nynorsk litteraturpris
For Utmark.
Utgivingar av forfattaren
Å legge til at alt er borte
Bekken er like ved hiet, like ved jordet. Det er nesten heime, men også litt borte. Klumpen og Veslebror leikar ofte ved bekken. Dei tullar og tøysar og
Les meir …
Bort frå jordet
Bort, bort frå dette
Denne brannen, alltid
Det begravde lyset
Flukt : novelle
I ein tett, dramatisk episode, som både er samla om seg sjølv og større enn seg sjølv, møter vi ein mann som ligg og trur han blør seg
Les meir …
Flukt: novelle
Ein førtidspensjonert lærar er mistenkt for å ha stifta fleire brannar, men blei aldri tiltalt for dette. Da han nokre år seinare skal køyre over fjellet for å
Les meir …
Forklaring: novelle
Ein førtidspensjonert lærar er mistenkt for å ha stifta fleire brannar, men blei aldri tiltalt for dette. Da han nokre år seinare skal køyre over fjellet for å
Les meir …
Forklaring: novelle
Heller ikkje du
Børre skal snart begynne på skolen, men han gruer seg litt. Han har ikke lært seg å knyte skoene sjølv, og i tillegg er far lærar på skolen.
Les meir …
Knute
Krigsalbum 1943
Krigsalbum 1943
mai 1945
Oddmund Hagen og Akin Duzakin fekk god mottaking for boka Over jordet.No kjem den andre boka om hareguten Klumpen og familien hans på Det Norske Samlaget. Den spreke
Les meir …
Rundt jordet
Ein mann er på besøk i barndomsheimen. Om natta høyrer han stemmer og steg i grusen utanfor huset. Mannen blir redd, men går ut, og der møter han
Les meir …
Stemmer, steg
Mannen blir redd, men går ut, og der møter han den døde faren sin. Faren treng hjelp, han er bortkomen. I eit tett og stilsikkert språk viser Hagen
Les meir …
Stemmer, steg
Tiltale
Truslar om drap: tilfeldige dødsfall
Utmark
Teksten formidlar eit fall innover i sorg og einsemd, framandkjensle og isolasjon slik ein kjenner det når dei faste holdepunkta forsvinn.
Les meir …
Utmark
Kritikarar har lenge verdsett bøkene hans som noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet. Alle tre bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning,
Les meir …
Utmarktrilogien
Forteljaren i boka søker tilbake til heimstad, barndom og oppvekst, og ser sitt eige liv i lys av kva som hendte den gongen. I ein samanheng av erkjenning,
Les meir …
Vinterbarn
Heile vegen søker forteljaren tilbake til heimstad, barndom og oppvekst, og han ser sitt eige liv i lys av kva som hendte den gongen. Alle tre bøkene er
Les meir …

