Stemmer, steg
Innbunden

Stemmer, steg

Mannen blir redd, men går ut, og der møter han den døde faren sin. Faren treng hjelp, han er bortkomen. I eit tett og stilsikkert språk viser Hagen korleis hovudpersonen gjennom draumen og møtet med døden får livet endra. Hagen skriv ei nær, personleg og eksistensiell forteljing som utvunge balanserer mellom draum og realisme på ein måte som gjer det heile merkeleg truverdig.

429,00 kr
Oddmund Hagen
Om forfattaren

Oddmund Hagen

(f. 1950) har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Hagen har fått mykje ros av kritikarane for sin kresne prosastil, og han har likeins hausta sterke lovord og vunne fleire prisar for barnebøkene sine. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen Utmarktrilogien, som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon, der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet. Bøkene representerer noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet.

For Utmark fekk Oddmund Hagen Nynorsk litteraturpris. Hagen blei nominert til Brageprisen i 1998 for biletboka Over jordet. Året etter fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Han er fast litteraturkritikar i Dag og Tid. Oddmund Hagen voks opp på Hemnskjel i Snillfjord, men bur no i Trondheim.