InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Forklaring: novelle

«Terningkast 5! Intelligent og kostelig ... [F]avner både spørsmål om identitet og aktuelle utviklingstrekk i dagens samfunn ... Dypest sett dreier det seg om å søke tilflukt for mørke tanker i barndommens rike.»
— Vigdis Moe Skarstein, Adresseavisen
Ein førtidspensjonert lærar er mistenkt for å ha stifta fleire brannar, men blei aldri tiltalt for dette. Da han nokre år seinare skal køyre over fjellet for å hente tinga sine der han arbeidde som lærar, blir han stansa av same politimannen som prøvde å få han fast for brannane. Det kan sjå ut som politimannen endeleg har fått eit høve til å hemne seg for at han slapp unna den gongen. Men ganske snart snur situasjonen til mannens fordel.

Forklaring er eit forsøk på å gi eit bilde av hendingane og situasjonane som har drive mannen dit han er i dag. Det er lett å få sympati med han, men det er likevel noko som skurrar i det han fortel.


349,00 kr
Sider
73
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014376
Meldingar

Sagt om boka

3 omtaler

«...det er noko med det gammal knark-aktige perspektivet hjå forteljaren som forvirrar, fascinerer og hevar historia opp til noko langt meir og djupare enn det ein trur i starten.»

— Leif Tore Sædberg, Stavanger Aftenblad

«Kompleks og spanande ... Ei urovekkjande novelle skisserer eit liv i ferd med å krakelere … Handlingsforløpet er fortetta, plotet er snedig … det er i denne uvissa krafta i novella ligg. Snakkar vår mann sant? Kva hende? Kvifor? Kor sant er eit minne? Er i det heile teke forteljaren til å lite på? Sanningsgehalten krakelerer etter kvart i den 74 sider lange novella Oddmund Hagen turnerer så stilsikkert og elegant …»

— Anne Schäffer, Dag og Tid

«Som lesar er ein ikkje der for å døme nokon. I staden er ein der for å kjenne trykket i teksten og følgje svingane i det stilsikre, men likevel levande og lunefulle språket til Hagen, der lange, medvitsstyrte setningar kan skifte frå handfaste gjerningar og skuldingar til meir svevande refleksjonar i ei vending. Det gjer novella engasjerande både som ei forteljing om hemn og skuld og truverd, og som ein slags fabel om utviklinga i Bygde-Norge.»

— Eivind Myklebust, Klassekampen

Oddmund Hagen
Om forfattaren

Oddmund Hagen

(f. 1950) har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Hagen har fått mykje ros av kritikarane for sin kresne prosastil, og han har likeins hausta sterke lovord og vunne fleire prisar for barnebøkene sine. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen Utmarktrilogien, som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon, der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet. Bøkene representerer noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet.

For Utmark fekk Oddmund Hagen Nynorsk litteraturpris. Hagen blei nominert til Brageprisen i 1998 for biletboka Over jordet. Året etter fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Han er fast litteraturkritikar i Dag og Tid. Oddmund Hagen voks opp på Hemnskjel i Snillfjord, men bur no i Trondheim.