Rundt jordet
Innbunden

Rundt jordet

Oddmund Hagen og Akin Duzakin fekk god mottaking for boka Over jordet.

No kjem den andre boka om hareguten Klumpen og familien hans på Det Norske Samlaget. Den spreke faren har lenge snakka med Klumpen om å vere hare for han når han trenar, men Klumpen er ikkje så lysten på det. Derfor er han heller letta når dagen kjem, for at han kjenner seg litt sjuk og må halde senga. Det er berre det at han blir skikkeleg sjuk.

Både tekst og bilete er fullt på høgd med den første, prislønte boka.Neste bok om Klumpen Bort frå jordet.
349,00 kr
Oddmund Hagen
Om forfattaren

Oddmund Hagen

(f. 1950) har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Hagen har fått mykje ros av kritikarane for sin kresne prosastil, og han har likeins hausta sterke lovord og vunne fleire prisar for barnebøkene sine. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen Utmarktrilogien, som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon, der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet. Bøkene representerer noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet.

For Utmark fekk Oddmund Hagen Nynorsk litteraturpris. Hagen blei nominert til Brageprisen i 1998 for biletboka Over jordet. Året etter fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Han er fast litteraturkritikar i Dag og Tid. Oddmund Hagen voks opp på Hemnskjel i Snillfjord, men bur no i Trondheim.