Vinterbarn

Skjønnlitteratur

Vinterbarn

Forteljaren i boka søker tilbake til heimstad, barndom og oppvekst, og ser sitt eige liv i lys av kva som hendte den gongen. I ein samanheng av erkjenning, erindring og refleksjon prøver forteljaren å fange det som ikkje lar seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet, her og no, der og da. Med denne boka avsluttar forfattaren ein romantrilogi som startar med Utmark og held fram med Stemmer, steg.
329,00 kr
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252176728
Oddmund Hagen
Om forfattaren

Oddmund Hagen

(f. 1950) har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Hagen har fått mykje ros av kritikarane for sin kresne prosastil, og han har likeins hausta sterke lovord og vunne fleire prisar for barnebøkene sine. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen Utmarktrilogien, som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon, der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet. Bøkene representerer noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet.

For Utmark fekk Oddmund Hagen Nynorsk litteraturpris. Hagen blei nominert til Brageprisen i 1998 for biletboka Over jordet. Året etter fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Han er fast litteraturkritikar i Dag og Tid. Oddmund Hagen voks opp på Hemnskjel i Snillfjord, men bur no i Trondheim.