Kritikarar har lenge verdsett bøkene hans som noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet. Alle tre bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet, her og no, der og da. For Utmark fekk forfattaren Nynorsk litteraturpris.