Knute
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Knute

3–6 år
Børre skal snart begynne på skolen, men han gruer seg litt. Han har ikke lært seg å knyte skoene sjølv, og i tillegg er far lærar på skolen. Tenk om dei andre ungane kjem til å erte han? Mora til Børre er flytta heimafrå, og Børre er sikker på at han hadde lært seg å knyte skolissene om bare mor hadde budd heime.
229,00 kr
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252170429
Oddmund Hagen
Om forfattaren

Oddmund Hagen

(f. 1950) har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Hagen har fått mykje ros av kritikarane for sin kresne prosastil, og han har likeins hausta sterke lovord og vunne fleire prisar for barnebøkene sine. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen Utmarktrilogien, som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon, der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet. Bøkene representerer noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet.

For Utmark fekk Oddmund Hagen Nynorsk litteraturpris. Hagen blei nominert til Brageprisen i 1998 for biletboka Over jordet. Året etter fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Han er fast litteraturkritikar i Dag og Tid. Oddmund Hagen voks opp på Hemnskjel i Snillfjord, men bur no i Trondheim.