Stress og korleis leve med det

Stress og korleis leve med det

Av Anne Gunn Halvorsen


Første gang eg blei beden om å skrive om stress, syntest eg sjølv det var ein smule fjollete. 

Eg var på jobb i jungelen saman med Raudekrossen i Guatemala. Eg hadde akkurat møtt ei 28 år gammal åleinemor og hennar fem barn. Det ho kunne tilby sine små, var lomper av maismjøl og vatn og ei hytte der lufta var tjukk av farleg omnsrøyk og regnet pipla kaldt gjennom veggene.

Bak denne hytta sjekka eg mobiltelefonen i regnjakka. Der låg det ei melding frå ein redaktør i Noreg. Som frilansjournalist er det gjerne slikt som skjer. Nokre gonger er det fine oppdrag som dette: «Hei, vil du teste floating og skrive om stress?»

Haha, humra eg for meg sjølv og viste fram meldinga til kollegaene. No skal eg dra frå verdas fattigste og heim til Oslo for å skrive om kor vanskeleg livet er der!

Litt latterleg, ikkje sant. Stress, det er vel berre eit klassisk i-landsproblem. Kan ikkje folk berre roe seg ned, liksom?

I artikkelen min testa eg floating, eg intervjua menneske som hadde vore stressa, og snakka med fagfolk om kva som skjedde inni kroppane våre i stressa situasjonar.

Eg leverte artikkelen, men så greidde eg ikkje slutte å jobbe med det. Jo meir eg las om stress og kva det gjorde med oss, jo meir interessant og mystisk blei det. Plutseleg såg eg spora til stress over alt. Det var i sjukemeldingsstatistikken, i ungdommens depresjonar og i skilsmissestatistikken. Det var overalt!  

Eg begynte å tenke på mitt eige stress. Sjølv om eg hadde fnist litt over stress i starten og var ein type som sjeldan klaga over stress i selskapslivet, var eg ikkje heva over stress. Oh no. På ingen måte! Problemet var at eg stressa over uverdige småsaker. Difor heldt eg kjeft om det. Herregud, noko anna skulle jo tatt seg ut. Eg skal iallfall ikkje sutre!

Mitt personlege høgdepunkt, eller lågpunkt, kom då eg stressa meg vaken over julekort i midten av november. Jesus kristus, kor idiot er det mogleg å bli. Julekort! Denne utgamle kommunikasjonsmetoden som strengt tatt berre er til bry for mottakaren (for ærleg talt, kva gjer ein med desse i januar? Er det lov å kaste andre sine born i søpla? I så fall: plast eller papir?).

Så idiotisk eg var. Og nettopp dette, idiotien i det heile, var lenge berande for prosjektet. I ein periode var arbeidstittelen: «Korleis blei me alle idiotar?»

Eg reiste rundt og møtte fleire og fleire menneske som hadde følt stress på kroppen. Dei var i heilt ulike situasjonar. Nokon hadde mykje å gjere på jobben, andre hadde gått i bakken fordi dei ikkje kunne arbeide. Nokon sleit med mange plikter på heimebane, andre stressa fordi dei ikkje greidde å skaffe seg ein familie. Og så vidare.

Dei hadde det til felles at dei var rause, flinke, smarte og oppegåande. Dei aller fleste hadde blitt sjukmelde og hatt det vondt på grunn av stress. I forkant av smellen hadde dei alle vore overtydde om at dei burde greie å halde ut. Dei burde klare dette. Burde vere betre.

Eg lærte mykje i arbeidet med boka. Om korleis stress kan arte seg, og korleis ein kan «hacke» hjernen og gjere kroppen meir motstandsdyktig mot det farlege stresset. Eg lærte om søvn og korleis ein kan sikre seg mot ei uføreseieleg framtid. Eg lærte kor viktig fjollete fritidsaktivitetar og tankespinn er. Og at ein burde vere meir kritisk og sint, og vere litt forsiktig med bruk av fornuft.

Men det viktigaste eg lærte, var at me ikkje var idiotar. Korkje eg eller dei eg møtte. Det er ikkje alltid vår eigen feil. Det i seg sjølv er fint – og stressreduserande – å tenke på.

Boka mi er ute no og er blitt ei samling med ni historier og tretten tips om korleis leve godt med stress.

God lesnad!

Anne gunn halvorsenSkrivingStressStress og korleis leve med det