Om bøker og forfattarar
Stress og korleis leve med det
Jo meir eg las om stress og kva det gjorde med oss, jo meir interessant og mystisk blei det. Plutseleg såg eg spora til stress over alt. Det var i sjukemeldingsstatistikken, i ungdommens depresjonar og i skilsmissestatistikken. Det var overalt!
Stress og korleis leve med det
Mitt personlege høgdepunkt, eller lågpunkt, kom då eg stressa meg vaken over julekort i midten av november. Jesus kristus, kor idiot er det mogleg å bli. Julekort! Denne utgamle kommunikasjonsmetoden som strengt tatt berre er til bry for mottakaren (for ærleg talt, kva gjer ein med desse i januar? Er det lov å kaste andre sine born i søpla? I så fall: plast eller papir?).