Skeiv kjærleik i Tinder-appens tid

Skeiv kjærleik i tinder-appens tid

Det trengst bøker som viser fram livet til vaksne, skeive folk. Håkon er mitt bidrag: ei historie om ein 30-åring som må ta vanskelege val. 

Boka opnar med at hovudpersonen Håkon bestemmer seg for å flytte frå sambuaren Arve. Dei har vore saman i mange år, men den siste tida har Arve blitt for dominerande og hardhendt. Håkon vil vidare, han vil finne seg nokon andre.

På veg ut av forholdet treffer han Thomas til uforpliktande sex, og oppdagar at Thomas har mykje meir å by på enn eit stort smil og ein veltrent kropp. Kanskje er det ei framtid for dei to?

Håkon blir også kjent med Stig, ein målretta økonom som har planane og fasaden i orden, og som berre manglar ein å dele det perfekte livet med. Stig serverer ostesmørbrød i sofaen og lovar at han vil det beste for dei. Vil Håkon vere med på femårsplanane om rekkehus og forstadsliv? Det er freistande å svare ja.

Og mens Håkon prøver å finne ut om det er den målretta Stig eller kjekkasen Thomas som er den beste vegen vidare, blir han tvinga til å ta konsekvensane av brotet med Arve. For dersom Håkon skal vere open om kven han er og kva han har gjort, så risikerer han å tape alt.

                                                                                                               *

Prosjektet begynte då eg melde meg på National Novel Writing Month (NaNoWriMo) i november 2016. Målet var å skrive ein heil roman på ein månad, med god støtte frå dei tusenvis av andre skribentane som sat rundt om i verda og hamra laus.

Eg fekk senebetennelse på dag ti, og måtte stoppe brått. Eg tok pause frå skrivinga, men gav ikkje opp. Førsteutkastet vart klart nokre månader seinare.

 – Det skjer noko spennande mellom side 30 og 40, sa redaktøren om det 100 sider lange dokumentet. – Kva om du legg vekk alt det andre og leverer nye 100 sider om tre månader?

Ho hadde heilt rett. Det var ei rotete og kaotisk historie og eit lite fokusert plott. Eg gjorde som eg fekk råd om. Ny november, ny NaNoWriMo, og denne gongen vart manuset klart før månaden var over.

Dei neste diskusjonane brukte redaktøren og eg på å finne ut av strukturen i boka. Skulle eg skifte perspektiv undervegs, og kva med å leike med kronologien, kunne det vere moro å tøye lesarens forventingar i alle retningar?

Etter kvart som det vart tydeleg kva boka skulle handle om, falt også rammene på plass: eg-form, notid, rett fram, tett på, ingen krumspring.

                                                                                                               *

Eg håpar at lesarane er villige til å investere tid og kjensler i møtet med Håkon, og at boka gjer noko med dei som les. Å skrive Håkon har gjort noko med meg.

For det kostar å skrive om karakterar som har det vanskeleg. Det kostar å leve seg inn i vonde og triste situasjonar og prøve å skrive ærleg og direkte om korleis Håkon har det.

Det er likeeins mykje glede i å skrive fram romantikk, intimitet og varme mellom Håkon og mennene han møter, og sjå glimt av at han kanskje kan få leve lukkeleg ein gong i framtida.

Romanen gir eit innblikk i ein kort periode i livet til ein ung mann, eit liv som ikkje er så ulikt livet til folk flest. Tilbakemeldingane frå lesarane er både overveldande og svært positive. Menn og kvinner, unge og gamle, fortel at dei kjenner seg att i Håkon. Dei føler med han og lever seg inn i situasjonane han er i.

 Mange blir glade i Håkon, og skildrar både glede og frustrasjon over å få vere med på dei ikkje alltid like kloke vala han tar.

 Lesarane fortel at dei har slukt boka, og nokon har til og med måtta lese henne to gonger. Det gjer meg svært glad, og gjer meg trygg på at romanen no skal få leve sitt eige liv.                                                                                                                     

                                                                                                      *

Ein av grunnane til at eg debuterer med akkurat denne boka, er at livet mitt ikkje er representert i norsk litteratur.

 Vi er tusenvis av vaksne, skeive folk i heile Noreg som har vanlege jobbar, vanlege kjærastar og nokså vanlege kvardagar. Også vi kan synast livet er vanskeleg. Men i motsetning til slik det ser ut i bokhyllene, så har vi heilt andre utfordringar enn å kome ut av skapet. Etter at vi kjem ut, og i 40 - 50 år av livet vårt, så er vi nesten ikkje synlege i den norske litteraturen.

Vi treng bøker som kan vise fram eit mangfald når det gjeld korleis det er å leve i dag. Historia om Håkon er ei kjærleikshistorie med homofile menn i hovudrollene og fyller eit tomrom i norsk litteratur.

Men historia handlar om mykje meir enn berre Håkon: Boka handlar om romantikk, halvsanningar og forventingar, om å streve, finne vegen vidare og våge å vere seg sjølv.

Boka løftar fram ein del av det norske samfunnet som ikkje har vore skildra før, og tar samtidig opp utfordringar som alle lesarar kan kjenne seg att i.

 Eg håpar du vil ha glede av boka.

Åsmund H. Eikenes:  Håkon

Det er tre menn i Håkons liv. Det lange forholdet til Arve er trygt og velkjent, men dei siste åra har Arve blitt meir og meir dominerande. Stig er målretta og trygg på seg sjølv, og han inkluderer Håkon i draumane om rekkehus og eit ukomplisert A4-liv. Thomas har svarte krøller og eit smil som får Håkon til å miste pusten når dei møtest til tilfeldig sex ein ettermiddag i januar. Resten av året blir langt ifrå slik som Håkon har sett føre seg. 

Håkon er ei moderne kjærleikshistorie om å vere i starten av 30-åra og ikkje ha funne plassen sin i livet, verken åleine eller saman med andre.