Balansen mellom det gode og det vonde

«Ein kaffikopp, ei lita stund kor ein set seg ned og oppmerksamt luktar, lyttar og ser, ei seng som står og ventar.»

Pilegrim og forfattar Morten Bjerga har skrive om balansen mellom det gode og det vonde i sin nye roman Dødevegen.

Hovudpersonen i romanen din vandrar pilegrim. Kva er det han vil oppnå med turen? Kva er det han lengtar etter?

I den situasjonen han opphaveleg er i, veit han ikkje kva han leitar etter, og lengtar vel helst berre etter ein tilstand utan dei vonde tankane om ho som ikkje er der lenger. Ved eit tilfelle endar han opp i Spania, og den buktande vegen, dei stille skogane, fiskarlandsbyane og alt det nye blir redninga.

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Kva er det fascinerande med å gå pilegrim? Kva er vandringas vesen?

Vandringas vesen er at dagen blir fylt av noko heilt anna. Det som har vore, blir borte, og ein har på mystisk vis nok med dei enkle, for alle lett oppnåelege tinga: ein kaffikopp, ei lita stund kor ein set seg ned og oppmerksamt luktar, lyttar og ser, ei seng som står og ventar.

Kva er di erfaring med å gå pilegrim?

Bak Dødevegen ligg det seks månadslange vandringar i Spania fordelt på åtte år. Alle vandringane har enda opp i Santiago de Compostela, men har hatt ulike startpunkt, mellom anna eit skuggelagd kafébord i grensebyen Irún.

Du skriv fleire forteljingar om relikviar. Er forteljingane sanne?

Er dei historiske kjeldene sanne, er forteljingane sanne. Og ja, ein kan undra seg, men mennesket er i sanning eit forunderleg vesen. 

Morten Bjerga skriv medrivande om å gå seg ut av sorga og inn på nye spor. [...]Skrivestilen til Bjerga er både nøktern og kjensleg, men alltid medrivande, og vennleg, inkluderande. Ein får vere med på ferda, på godt og vondt.

Ingvild Bræin, Dag og Tid

Praktfull! [...] Det er ei lise, får eg leggja til, og ein fryd å følgja Morten Bjerga på vandringa hans, omgjort til lødig romankunst.

Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Romankarakteren din hamnar i fengsel. Kvar kjem det mørke i han frå?

Det mørke kjem frå ei kjelde alle har ein stad i brystet, eller kanskje i hjerneborken eller ein annan uutgrundeleg stad. Det kjem fram når du er pressa nok, og alt anna må vika for at du sjølv skal kunna pusta nokolunde fritt. Og det som er i ein, er langt på veg eit resultat av det som er rundt ein. Er samfunnet prega av omsorg og omtanke, eller er det kynisme og ei kald skulder som rår? Måten me møter andre på, formar oss.

Fleire av hendingane i romanen balanserer mellom det gode og det vonde. Kvifor blir vi dregne mot spørsmålet om kva som er godt og kva er vondt? 

Fordi det er allment. Kvart minutt må du velja mellom det gode og det vonde. Kvart minutt krev at du tar stilling til det som føregår rundt deg. Det er det som gjer deg til menneske.

Morten Bjerga:  Dødevegen

Ein mann har mista kona si og prøver å sleppe unna sorga med å vandre langs havet til Santiago de Compostela. Han går, set den eine foten framfor den andre og blir undrande fanga av vegen, av skogen han går gjennom, og av menneska han møter. To år seinare sit han i fengsel på Jæren. Tankane hans kretsar rundt det gode og det vonde, det vakre og det stygge, men mest av alt tenker han på Spania, på hendingane der, på menneska, hundane, byane, fønvinden og den tusen år gamle tradisjonen der millionar av menneske har vandra til byen i vest for å finne fram til noko anna og kanskje betre.