Last ned omslag

Bla-i-boka

Dødevegen : el camino de los muertos

Morten Bjerga

Mellom det gode og det vonde

Ein mann har mista kona si og prøver å sleppe unna sorga med å vandre langs havet til Santiago de Compostela. Han går, set den eine foten framfor den andre og blir undrande fanga av vegen, av skogen han går gjennom, og av menneska han møter.

To år seinare sit han i fengsel på Jæren. Tankane hans kretsar rundt det gode og det vonde, det vakre og det stygge, men mest av alt tenker han på Spania, på hendingane der, på menneska, hundane, byane, fønvinden og den tusen år gamle tradisjonen der millionar av menneske har vandra til byen i vest for å finne fram til noko anna og kanskje betre.

Det var eit eineståande liv. Ein brukte dagen til å flytta seg frå ein stad til ein annan. Berre det. Ingenting anna. Det var det enkle livet. Det var det livet som alle kunne meistra. Ein gjekk, og det var alt. Og på vegen strøymde augeblinkane mot ein.

Frå Bokmeldingar

Terning 5

«Det er ei lise, får eg leggja til, og ein fryd å følgja Morten Bjerga på vandringa hans, omgjort til lødig romankunst.»
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

«Morten Bjerga skriv medrivande om å gå seg ut av sorga og inn på nye spor. [...]
Skrivestilen til Bjerga er både nøktern og kjensleg, men alltid medrivande, og vennleg, inkluderande. Ein får vere med på ferda, på godt og vondt
Ingvild Bræin, Dag og Tid



Meir frå Morten Bjerga