Språket er eit hus, ei plante og ei bukse

Språket er eit hus, ei plante og ei bukse

Av Kristin Fridtun


Kvifor er språkdebatten full av ord og uttrykk som eigentleg ikkje har noko med språk å gjera?

Dette spørsmålet tok til å gnaga meg då eg var komen godt i gang med det siste bokprosjektet mitt. Eg prøvde fyrst å ignorera det, for spørsmålet låg liksom på sida av det som skulle vera hovudtemaet i boka. Samstundes hadde eg ei sterk kjensle av at spørsmålet peika fram mot noko viktig, noko som burde gravast opp og dragast fram i ljoset. «Ja vel», tenkte eg omsider, «det er visst her det brenn. Eg får gå mot varmen!»

 Den opphavlege planen var å skriva ei lita bok om korleis norske språkdebattantar nytta omgrepet naturleg. Eg hadde med andre ord sikta meg inn på ein viss type ord og uttrykk i språkdebatten, nemleg dei som har med natur å gjera. Eg var spesielt interessert i påstandar som denne: «Språket må få utvikla seg naturleg». For kva tyder no det? Korleis skil debattantane mellom naturleg og unaturleg språkutvikling?

Eg saumfór bøker, lesarinnlegg og kommentarfelt på jakt etter svar, og etter kvart skjøna eg kvifor debattantane var så fikserte på det naturlege: Dei såg på språket som ein levande organisme. Nokre av debattantane sa rett ut at «språket er ein organisme», men som oftast kom organisme-tanken berre indirekte til uttrykk ved at debattantane nytta ord som har med liv og helse å gjera.

Mange av debattantane var til dømes opptekne av at språket skulle vera «sterkt», «friskt» og «levedyktig», og dei slo fast at språkutviklinga måtte vera «sunn» og mest mogleg «fri». Debattantane gjekk altså ut frå at språket var eit sjølvstendig vesen på line med planter og dyr, og dei meinte at me menneske ikkje burde gripa inn og forstyrra eller ta styringa over dette vesenet – det var å tukla med naturen.

 Ja vel – då hadde eg funne ut korleis mange av språkdebattantane skilde mellom «naturleg» og «unaturleg» språkutvikling. Eg kunne ha slege meg til ro med det. Men i staden tok eg til å undrast: Finst det fleire slike underliggjande førestillingar i språkdebatten? Kan det tenkjast at nokre debattantar ser på språket som noko anna enn ein organisme? Og har det i så fall noko å seia for det språkpolitiske synet deira?

Det var her bokprosjektet tok til å esa ut. Temmeleg kraftig òg. For eg greidde ikkje å sleppa desse spørsmåla då eg fyrst hadde stilt dei. Eg måtte svara.

 

Skrivearbeidet tok eit år ekstra, og boka vart dobbelt så lang som eg fyrst hadde tenkt. Men eg har i alle fall funne svar på dei spørsmåla som gnog meg så fælt:

Har norske språkdebattantar fleire underliggjande førestillingar om kva språket er og gjer? Ja. Me plar til dømes førestilla oss – meir eller mindre umedvite – at språket er ein BYGNING som kan «stå» støtt eller ustøtt. Språket er dessutan eit RÅEMNE som kan vera «reint» eller «utvatna» eller «ureint», og det er eit KLEDEPLAGG som kan vera «stivt» og «høgtidleg» (som ein bunad) eller «enkelt» og «kvardagsleg» (som ei olabukse).

Men kvifor pratar me om organismar, bygningar og klede når me diskuterer språk? Fordi me må! Eg stør meg til forskarar som George Lakoff og Mark Johnson, som meiner at metaforar spelar ei heilt sentral rolle i tankeverda vår og livet vårt i det heile. Når me førestiller oss at abstrakte saker er konkrete, blir det mogleg for oss å gripa dei, drøfta dei og handtera dei. «Språket er ein organisme» (eller ein bygning, eit kledeplagg osb.) er nettopp ein metafor: Det uhandgripelege språket blir utstyrt med ei fysisk form og får konkrete eigenskapar. Å drøfta språk utan å bruka metaforar er plent umogleg. Prøv sjølv!

Men har det noko å seia kva slags metaforar me tenkjer og argumenterer med? Ja. Eg meiner at det er ein samanheng mellom metaforar og språkpolitisk standpunkt. Men den som vil vita meir om det, må lesa boka.

 

Kristin Fridtun: Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt

 

 

Er språket ein spegel, eit tårn eller kanskje ein kropp?

«Bokmålsrettskrivinga er eit villnis.»

«Dialekten min er utvatna.»

«Samnorsk er ein graut.»

«Nynorsken døyr.» 

Slik pratar me om språk. Me omtalar dialektar og skriftmål som vegetasjon, væsker, matretter og organismar – eller som instrument, byggverk, infrastruktur og kledeplagg. Men kvifor gjer me det? Og kva slags likskapar og skilnader er det mellom biletbruken til fagfolk, lekfolk, målfolk, riksmålsfolk og anna folk i den norske språkdebatten? 

Kristin Fridtun har saumfare artiklar, lesarbrev og kommentarfelt på jakt etter svar. Ho viser oss ei side av norsk språkdebatt som har vore lite kjend til no, og ho gjer det med stø hand og lun humor. Språket er ei bukse løyser låtten og set tankane i sving – samstundes.

 

Kristin fridtunSpråket er ei bukse