Oddny og Magnar Kleiva trakkar silo sommaren 2018, då det var svært god kvalitet på graset. Dei treng alt fôret dei kan få. Vinteren 2019 var det fem kyr og fire kalvar i floren på Hjellahogen. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl

Boka om eit søskenpar halve Noreg elskar
Av Ivar Myklebust Longvastøl

Det var ein dag i mars i 2017. Eg trakka rundt i Grieghallen i Bergen og førebudde meg til ei yrkesmesse for studentar. Då ringde telefonen: ”God dag, Ivar. Det er Frode som ringer.”

Frode Fimland (f. 1959) som voks opp i Naustdal i Sunnfjord, no busett på Askøy, og klassekamerat på journalistutdanninga i Volda 1984–86. Den gongen var vi på same praksisgruppe og laga kortfilm om mannen som truleg er verdas mest filma skomakar. Det fanst knapt ein filmstudent på den tida som reiste frå Volda utan å ha laga film om sunnmørske ferjesveler eller skomakar Hans Osvoll.

 Underteikna bur i Naustdal, innflyttar frå Sunnmøre, og har vore avisjournalist i snart førti år.

– Kan du tenkje deg å skrive ei bok om søskena på Kleiva, Oddny og Magnar …?

Bok – etter filmane?

Eg hadde sjølvsagt sett begge filmane ”Søsken til evig tid”, som Frode Fimland hadde laga i 2013 og 2015. Den første trefte meg sterkt. Den fine skildringa av søskenparet; respekten for kvarandre, livsverdiane og samarbeidet. Dei krøkte ryggane forsterka den vakre forteljinga – for meg som for så mange andre. Det som også gjorde filmen så vakker, var bilda av kulturlandskapet og naturen som sunnmøringen noko motvillig har blitt så glad i etter tretti år i Naustdal. Slik er landskapet på Kleiva skildra i boka: 

Berget ser ved første augekast svart og trugande ut der det strekkjer seg langs nordsida av dalen. Når jegerane er i slag, jagar dei hjorten rett opp lia, og på toppen ligg skyttarane og ventar. Stundom kan folket på gardane sjå ørna jage rypeflokkar langs bergsida. Men går ein litt unna og tek seg tid til å studere landskapet, oppdagar ein at naturen eigentleg er mild her. (frå opningskapittelet ”Garden under berget”)

Men bok? Etter to filmsuksessar. Det vanlege er at boka kjem først, og deretter filmen.

No skulle altså boka skrivast etterpå. Då spørsmålet frå Frode kom, visste eg ikkje at to millionar sjåarar hadde sett filmane på kino og TV2. Heldigvis.

Skrive om det vanskelege

Det første møtet med Oddny og Magnar var i mai 2017, på kjøkenet på Hjellahogen, den tidlegare husmannsplassen på Kleiva der søskena har budd heile livet. Det skulle bli mange samtalar rundt kjøkenbordet der.

– Bok, jaaa. Det kunne kanskje vere greitt at dei som er unge i dag får vite litt om korleis det var å vekse opp og drive ein gard før i tida, sa Magnar.

– Motivasjonen min for å få i gong eit bokprosjekt var å få fram dei historiene som eg valde å ikkje ta med i filmen, og som eg meinte er best eigna i bokform, seier Frode Fimland.

Eg visste også at dersom det skulle vere nokon vits i å skrive ei bok etter to filmar, måtte eg fortelje noko meir og noko anna. Eg måtte også kome inn på dei vanskelege tinga i livet deira. Den eldste søstera var fødd utanfor ekteskap, den nesteldste var psykisk utviklingshemma, ingen av dei fire søskena vart gifte og fekk born. Kva skal skje med garden vidare når Oddny (f. 1943) og Magnar (f. 1940) ikkje klarer meir? Og kvifor er dei så krøkte i ryggen? 

”Gå dit det brenn!”, hadde eg lært på skrivekurs. Javel, men Oddny og Magnar har aldri bede om å få privatlivet sitt bretta ut på film eller i ei bok. Søskena har ingen flokk av kommunikasjonsfolk som står rundt dei og gir råd om kva dei skal svare, og kva dei ikkje skal svare på. Dei er ikkje medievane personar på den måten.

Eg visste at eg skulle behandle dei med stor respekt.

 

 

Bildetekst: Det er alltid ei stor hending når det kjem ein ny kalv i floren på Kleiva. Magnar tørkar den nyfødde med tørrhøy og sagrubb og passar på at kalven får i seg nok søtmjølk. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl

– Reis opp i middagstida

 – Reis opp til Kleiva i middagstida. Då har dei best tid til å snakke med deg, sa filmskaparen frå Fimland.

Når Magnar går i floren (fjøsen) for andre gong ut på føremiddagen for å måke vekk kuskit og strø med sagrubb under dyra og gje mjølk til kalvane, er Oddny ofte med, men ho går inn igjen i huset eit stund før Magnar slik at ho rekk å skrelle poteter og lage middag til broren som kjem inn att litt over klokka eitt for å ete.

Og søskena fortalde. Magnar mest, men når han var usikker på noko, såg han alltid på søstera og lurte på om det var slik. Oddny er uvanleg stø på datoar og årstal, særleg knytt til dyr, avling og vêr. Eg bestemte meg tidleg for å gjere opptak av alle samtalane på mobiltelefonen. På den måten var det lettare å få med den munnlege forteljemåten deira inn i den ferdige teksten. Eg bestemte meg også for å bruke ein del typiske dialektord og forklare tydinga i ein parentes.

Journalist og forfattar

Som forfattar hadde eg tid til å jobbe på den måten. Eg kunne spele av alle intervju, skrive alt ned, og bruke informasjonen der han passa inn. Som journalist er det sjeldan eg kan jobbe slik, rett og slett fordi det tek for lang tid.

Den journalistiske erfaringa vart nyttig på andre felt, mellom anna lang trening i å finne ei vinkling, altså eit hovudpoeng å bygge teksten rundt. Som journalist får vi ofte høyre at kjeldene ikkje likar den vinklinga vi har valt. Dersom det er ein medievan maktperson frå til dømes politikk, byråkrati eller næringsliv som klagar, er det i mange tilfelle eit kompliment til journalisten. Det var ikkje ei problemstilling her.

I boka om Oddny og Magnar valde eg 15 vinklingar, i form av like mange kapittel.  

Bildet frå skuletrappa

Ein dag gjekk vi inn i tømmerstova til Oddny og Magnar og såg på bilde og diplom som heng på veggane der. Eit fotografi er frå våren 1959. 48 ungdommar frå bygda og fire lærarar står pent oppstilte og pynta på trappa på Naustdal skule som var heilt ny. Jentene i kjole eller skjørt, og dei med skjørt har blusar, og nokre av dei har ei kardiganjakke over blusen. Gutane i konfirmasjonsdressen med kvit skjorte og slips, og tre av dei har sløyfe i halsen.

Ungdommane har gått framhaldsskulen og har fått eit ekstra år på skulebenken. Dei er i starten av livet. Oddny kjenner att dei fleste på fotografiet og ho finn seg sjølv knapt 16 år gammal. Ho har gått det praktiske kurset for jenter, sykurset, og det var kjekt og ho lærte mykje. Snart skal ho tilbake til garden, til pliktene og foreldra som treng hjelp.

Oddny står i tredje rekkje rett framfor gutane og har på seg ein bluse med stive kragesnippar og ei mørk jakke. Håret rekk nesten ned til skuldrene og er kjemt stramt bakover, vekk frå panna. Ho ser mot fotografen og ser glad ut. (frå ”Fotografiet frå skuletrappa”)

Vinteren 1958–59 gjekk Oddny det praktiske kurset (sykurset) på framhaldsskulen i Naustdal. Ho var då i sitt sekstande år og eitt år eldre enn storparten av dei andre ungdommane på bildet. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl

Løfta far sin over i kista

Eg hadde lyst til å finne ut meir om foreldra til Oddny og Magnar. Søskena har berre eitt bilde av faren, Lars Hendrik Larsson Kleiva (1888–1969), fødd på ein husmannsplass på Kalland. Familien flytta til Hjellahogen på Kleiva då Lars Hendrik var ti år gammal. På dette fotografiet er han 53 år og sit nede ved grendevegen med Magnar og søstera Annbjørg i fanget, krigssommaren 1941. Fotograf var truleg naboen Jostein Jonstad (1910–1993).

Magnar hugsar den dagen han løfta far sin ut av senga og la han i kista, og han hugsar at han var tung å bere. Lars Hendrik Kleiva sleit seg ut på eit lite gardsbruk for å halde liv i familien, og på sine eldre dagar var han krøkt i ryggen av alt slitet. Han vart nesten 81 år gammal. (frå ”Ikkje alltid lett å vere menneske”)

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Mora Lovisa Samsonsdotter Hestvik (1901–1988) voks opp på Heilevang på sørsida av Førdefjorden. Ho vart gravid utan å vere gift og fødde ei dotter, Signy, i juni 1932, som ho tok med seg til Naustdal då ho kom til bygda for å tene.

Oppe i dalen møtte ho Lars Hendrik Kleiva, som var langt oppe i førtiåra og trong hjelp på garden. Han ville ha henne, dei slo seg saman og gifta seg i 1936. Signy fekk tre halvsøsken, og Lovisa og Signy fekk eit liv på Kleiva. (frå ”Ikkje alltid lett å vere menneske”)

Det som gjorde spesielt inntrykk

Det var fleire ting som gjorde inntrykk på meg. Spesielt hugsar eg ein fin vinterdag i 2018 då Oddny oppførte seg annleis og heldt seg unna. Ho sa ingen ting, men til slutt kom det fram at ho hadde fått eit kraftig slag i ansiktet av ei kvige under morgonstellet.

Ved middagsbordet oppdagar Magnar at Oddny har fått eit kutt over venstre auge. Under auget sprengjer daudeblodet på, og Magnar vert bekymra for søstera. Han vil vite kva som har hendt, og så må Oddny fortelje. (frå ”Oddny fekk ein blåveis av Erna”)

Det var veldig fint å oppleve den gode kontakten mellom Magnar og Per Tore Hove (f. 1985) som har bygd nytt hus og skal overta garden. Han bur der med kone og to jenter. Per Tore har vore på Hjellahogen sidan han var ein liten gut, og det er tette band mellom familiane. Dei har alltid hjelpt kvarandre.

Sjølv om det var sommar og mykje å gjere på garden, hadde Magnar alltid tid, og han tok øksa og fann ein plankebit og sette på stabben og hogg til sverd og gevær til dei, og gutane fekk lov til å gjere om lag som dei ville. (frå ”Den nye familien på garden”)

 Mange kjenner att slitet

Det har overraska meg at så mange av dei som har lese boka kjem og fortel at dei kjenner seg så godt att i alt slitet på ein gard berre for ein generasjon tilbake, og sameleis at det økonomisk var tronge kår. For underteikna, som voks opp med ein far som var skipper og fiskar, var det uventa. Eg hugsar ikkje gardsarbeid eller økonomiske suter. Prisen vi betalte, var å vekse opp med fedrar som nesten aldri var heime.

Bildetekst: Kleivastølen var friplassen til familien. Her er dei fire kvinnene på Hjellahogen, f.v. Oddny (f. 1940), Annbjørg (1937–2016), Signy (1932–2000) og mora Lovisa (1901–1988). Privat foto

For meg var det lærerikt å arbeide med boka. Samarbeid og støtte heile vegen frå Frode Fimland, frå forfattar og tidlegare kollega i avisa Firda, Katrine Sele, og frå forlagsredaktør Cecilie Seiness og fleire i Samlaget som trudde på prosjektet og rettleia gjennom heile prosessen, var avgjerande for å få det til. For meg var det ekstra kjekt og meiningsfullt å nytte kunnskapen om bygda og folket, og lang erfaring med språk og journalistikk, og få bruke det i denne boka.

 ”Søsken til evig tid” sel godt og vart innkjøpt av Kulturrådet til alle biblioteka i Norge, men det beste attesten var likevel denne:

–  Boka er godt skriven. Det var slik det var, sa Magnar Kleiva. 

Det skal vere fure til jul på Kleiva. Magnar på jakt etter juletre i desember 2017, saman med Mollie (t.v.), Otilie og Per Tore – den nye familien på garden. Dette bildet vart ikkje brukt i boka. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl

Denne teksten vart først skriven på oppdrag for Naustdal Sogelag.

Ivar Myklebust Longvastøl : Søsken til evig tid

Ei reise 50 år tilbake i tid!

Filmane om Oddny og Magnar på Kleiva er sett av nesten to millionar. Dei har levd heile livet på eit småbruk i Naustdal i Sunnfjord. Dei lever tett på dyra og naturen. Å komme til småbruket på Kleiva er som å reise 50 år tilbake i tid. Oddny og Magnar driv garden på gamlemåten. Livet på garden følgjer årstidene og onnene. Journalist Ivar Myklebust Longvastøl tek oss med tilbake til Naustdal og fortel meir om søskenparet.

Oddny og Magnar var dei to yngste i ein søskenflokk på fire. No er det berre dei att, og dei har ingen etterkommarar. Livet har handla om plikt og hardt arbeid. Kva tenkjer dei om livet sitt, og korleis blei det som det blei? Har dei drøymt om noko anna? Og kva tankar gjer dei seg om den dagen dei begge er borte?






Fleire artiklar

Er du ein språknerd?
Er du ein språknerd?

Samlaget arrangerer kurs i språkvask og korrektur for språkinteresserte nynorskbrukarar! Kurset finn stad i Oslo 7. februar 2020. Søknadsfristen er 10. desember.

Les heile artikkelen →

Les første kapittel i Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk
Les første kapittel i Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk

Hareides fall er ei intens og medrivande forteljing frå innsida av maktas korridorar, ei forteljing om å stå for det ein trur på.

Les heile artikkelen →

Englemakerskene
Englemakerskene

I 1901 kom den mest alvorlege barnedrapssaka i norsk historie opp for retten i Kristiania. Seks kvinner blei tiltalte for å ha medverka til at over tjue småborn, dei fleste av dei spedborn, mista livet. Dette skjedde medan dei fattige borna var sette bort til pleie hos tre av dei tiltalte kvinnene.

 

 

 

Les heile artikkelen →