Å skrive om det vondaste

Å skrive om det vondaste

Av Brit Bildøen. Teksten vart fyrst publisert på Ark-bloggen.


For åtte år sidan fekk eg og mannen min eit brev frå det offentlege som snudde opp-ned på framtidsplanane våre. Vi hadde lenge venta på å få hente heim eit barn frå  Kina, så lenge at myndigheitene meinte at vi hadde blitt for gamle til å gjennomføre adopsjonen. Vi kjempa mot byråkratiet i to år, ein kamp som endte med ein rettssak der vi fekk medhald. Vi vann over byråkratiet, men retten til å adoptere eit barn vann vi likevel ikkje.

Som forfattar tar eg imot all menneskeleg erfaring med ei slags motstrevande takksemd, fordi all erfaring kan komme til nytte i skrivinga. Slik blir repertoaret utvida år for år. Livet som ein einaste lang research. Men denne researchen i statleg maktovergrep kunne eg godt vore forutan. Dette er det vondaste eg har opplevd, og det skulle i alle fall ikkje bli ein roman, det var eg fast bestemt på.

Og no er den likevel her. Tre vegar til havet. Enda fleire vegar har eg gått før eg fann ut korleis eg skulle handtere dette stoffet. Ønsket om å bruke denne personlege erfaringa var av naturlege årsaker blanda med motvilje. På same tid hadde eg eit bilde i hovudet som eg ikkje blei kvitt, av ei kvinne som går nedover ei gate og sparkar sint i vissent lauv. Eg var nyfiken på henne, kvar var ho på veg? Eg hadde også lyst til å skrive om fuglar, og begynte å dikte fram ein kvinneskikkelse som har isolert seg ved havet og jobbar med ringmerking av trekkfuglar. Tre mulege utgangspunkt, tre mulege historier.

Det er fem millionar måtar å fortelje ei historie på, sa forfattaren Henry James. Så, ja, kvifor ikkje bruke i alle fall tre? Denne romanen blei tredelt. Kvinna på fuglestasjonen har kutta all kontakt med fortida si, og vil ikkje tenke på det som har skjedd før.. Kvinna som går og sparkar i lauvet er på veg til ein sakshandsamar i staten. Ho slepar på ein trillekoffert. I kofferten ligg ein død katt. Kvinna som ventar på å få adoptere, mottar eit brev som får store konsekvensar for livet hennar. Litt etter litt får lesaren innblikk i korleis kvinna på fuglestasjonen har hamna der ute ved havet og korleis desse tre historiene heng saman.

Les mer om Tre vegar til havet her

Gjennom å dikte på mi eiga historie, klarte eg å skrive om det vondaste. Ved hjelp av diktinga, fiksjonen, er det muleg å løfte personlege erfaringar ut av det private og gjere dei allmenngyldige, forme dei til historier som fleire kan kjenne seg att i eller ta del i. Fiksjonen har også den magiske krafta at traurige historier kan skapast om til spennande historier.

Tre vegar til havet er tre spennande historier i eitt. Kva skjer med eit menneske når ho mistar trua på fellesskapen? Vinn ho att trua, eller gir ho slepp? Kvinna i romanen hamnar i feil spor, og får ein lang veg attende til menneska. Men ho har fuglane, og hunden sin, og ein venn som ikkje stiller spørsmål. Og motvillig blir ho involvert i eit kjærleiksdrama på jobben.. Det vonde går ikkje bort, men det gode held fram med å komme. Og da er det vel håp?

Brit Bildøen

Brit bildøenSkrivingTre vegar til havet