Diskursteori for barn og fulle folk: roman
Jordmor Arne Fjørtoft meiner sjølv han lever eit godt liv. Han elskar kona si, Hulda, og han har ein meiningsfull jobb og tre konkurransedyktige avkom. På fritida har han gleda av å vere del av eit større fellesskap som omreisande fotballsupporter. Det irriterer han derfor grenselaust at alle stadig prøver å endre han.
Både på jobb og på heimebane møter Arne unge menneske som er besette av å konkurrere og effektivisere, og som ser på han som ein trussel mot omdømmet til familien og fødeavdelinga. Irritasjonen toppar seg då den nye avdelingsleiaren prøver å gjere han til ein betre kundebehandlar. Arne nektar å tilpasse seg. Han går til krig mot alt som gjer livet meir likegyldig, stressande og einsamt enn det treng å vere, og med seg på laget får han etter kvart ein energisk gjeng i festhumør.
Sitat frå melding
["«Diskursteori for barn og fulle folk dyrker det uhøytidelige og lekne
både i innhold og tone. Berge skriver lett og muntert
og det oppstår flere oppriktig fornøyelige sekvenser i jordfar Fjørtofts beretning» - Leif Bull
BLA "
"«ein god og morosam roman
der handlingane er snodige
men drøftinga av faktiske fenomen ligg på eit høgt intellektuelt nivå. Ved å lesa denne boka får ein i pose og sekk
og det lyt ein vere takksam for. [...] Klokt og vittig om dei uskrivne reglane i sam» - Odd W. Surén
Dag og Tid "
"«Men så går det like fullt ei fornøyeleg grunnlinje gjennom boka - eit fest- og proteststemt karnevalsopptog som vil frigjere oss frå våre nyliberale liv.» - Eivind Myklebust
Klassekampen "
"«Romanen er godt tima på fleire vis. Ein ting er at det å ta seg ein fest
faktisk kjennest som ei lita opprørshandling i desse dagar. Ein annen er at Brann sitt spektakulære nedrykk frå Eliteserie førre sesong
har gjort dei til eit flammande symbol på at» - Eivind Myklebust
Klassekampen "
"«Det er Arne som sjølv fortel romanens historie og historier
frå fødestova og avdelingsleiarens paranoid krenka oppleving av at han vil bryte henne ned (som ho kallar det)
til nabolaget og kjenningars (etter kvart endra) forhold til han og familien
ein» - Jan Askelund
Stavanger Aftenblad "]
Atle Berge
Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.
Foto: Gry Traaen
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO