Kom ei jente gåande: roman
Ei kvinne besøker mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste om barndommen sin. Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida. Vi blir tatt med til ei lita nordnorsk bygd på 1960-talet, der eit barn bur saman med Molle, ei eldre kvinne. Grytidleg ein sommarmorgon står barnet opp og går ut. Ho vandrar åleine etter vegen då ein bil stoppar opp. Det er legen Karl og kona hans, Pauline. Meir enn noko anna i verda ønsker Pauline seg eit barn.
«Kom ei jente gåande» er ein roman om tilliten hos barn og ansvaret hos vaksne. Boka handlar om identitet og minne og om retningane eit liv kan ta, langt utanfor barnet sin kontroll.
Sitat frå melding
["«\"Kom ei jente gåande\" er med sine enkle setningar
den eine sirleg lagt til den førre
ein diskret
dvelande og saktegåande roman
både vakker og nifs.» - Jan Askelund
Stavanger Aftenblad "]
Sigrid Merethe Hanssen
Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, ei bok ho fekk Blixprisen for. Etter å ha gitt ut Ingen heime i 2009, fekk ho Sigmund Skard-stipendet for «starten på ein original, solid og spennande forfattarskap». Novellesamlinga Sprang (2007) imponerte med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske. Det er varierte noveller, lagde til ulike miljø, og vi følgjer kvinner og menn, barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død. Kritikarane var alle einige om at debutboka var stilsikker, solid og velskriven.
Med Ingen heime (2009) etablerte Sigrid Merethe Hanssen seg som ein ny, spennande novelleforfattar, da ho med stø hand og stor innleving skreiv om menneske som ikkje kjenner seg heime i sine eigne liv, og som på kvar sin måte tek steget ut frå dei faste rammene – med dei konsekvensane dette får. I 2011 debuterte Hanssen som barnebokforfattar med historia om Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Hanssen bur på Finnsnes.
Kom ei jente gåande (2022) er hennar andre roman.
Litterære prisar
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2009
Blixprisen
Blixprisen for 2007.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO