Møt elevane frå forfattarskulen - Bjarne Bjørnevik

Her kan du lese nyskrivne tekster frå tidlegare elevar ved Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og tankar dei har om skriving, lesing og året ved skriveskulen. Skulen er eit samarbeid mellom Minotenk og Det Norske Samlaget. Blir du nysgjerrig? Du kan lese meir om Forfattarskulen her. Skulen har søknadsfrist i november 2025. Viss du har spørsmål, så kontakt leiar Therese Tungen på t.tungen@samlaget.no.

Denne gongen får du møte Bjarne Bjørnevik.


Kven er du, Bjarne?

Eg er ein heilt uvanleg fyr, heldigvis. Eg er opphavleg frå Skodje på Sunnmøre, men har budd mange år i Oslo. Eg er fødd med cerebral parese, og det legg sjølvsagt ein del føringar for livet eg lever. I kunstnarskapen min freistar eg å fanga inn dette livet. Ved sida av jobb skriv eg litt kvar dag, gjerne tidleg om morgonen. Det er underleg kor langt tankane kan reisa når andre folk søv. Glad i kjøtkaker, furuskog om vinteren og eit utal andre kjekke ting.

Kva slags tekst er det du har skrive?

Det er eit prosadikt som skildrar korleis den som kjem inn i livet med ein kropp som er vanfør, knust og annleis, er dømt til ein eller annan grad av utanforskap. Spegla i «the mirror of malicious eyes» vert funkisen forma utanfrå til visse idear om si eiga form, åndeleg og fysisk, som alle er falske. Den moderne kulturen med sine einsretta mytar tek i miss og ser ikkje funkisen si røynlege form. I eldre kulturar var funkisen ikkje berre eit avvik frå normalen. Han stod på terskelen mellom det kjente og det ukjente. Han likna på ei rotte, men var velsigna av gudane. Kanskje var han både gud og rotte samstundes? Siste setning, «Inni meg skein skjelettet som ei lampe»,    ymtar om at torekilen som kvestar, kallar oss til eit djupare liv.

Kanskje eit vanskeleg spørsmål, men kvifor skriv du?

Dei fleste av oss veks opp og tek til seg alle slags innturka vanar. Vanane vert ei verjande hinne som legg seg om dagane våre. Mykje av det flate og uuthaldelege ved moderne livsformer kan sporast attende til denne hinna. Rainer Maria Rilke seier at viss dyret hadde vårt medvit, «då reiv det oss med seg i si endring». Rilke og mange andre poetar skriv om kva som skjer når hinna rundt livet sprekk. For meg gjev skrivinga ei kjensle av einskap med verda og det ho inneheld av fortrylling, smerte, eventyr, dårskap, kjærleik, vondskap og død. Å driva med kunst er å fylgja den gylte tråden gjennom alt dette; å gjennomleva kva enn tilværet byr på, med ein mangetydig smil.

Og kva liker du å lese?

Eg les alt mogleg, men mest poesi. Eg orienterer meg breitt, og er samd med Octavio Paz i at den gryande interessa i vesterlanda for andre klassiske kulturar enn den gresk-romerske er viktig. Såleis finn eg like mykje glede i eldre kinesisk og persisk dikting som i norsk samtidslitteratur. Den vesle tida eg set av til å lesa romanar, går det mest i Leo Tolstoj og Clarice Lispector. Eg har mykje sams med båe to.

Er det noko ved Forfattarskulen du vil trekke fram som spesielt lærerikt for deg?

Samtalene på Forfattarskulen var ulikt alt anna eg har vore med på. Det er noko spesielt med å lytta til eit menneske som ikkje ber om sympati, og motsett å kunne fortelja om såra ein ber på, utan å vekkja sympati hjå dei hine. William Stafford oppmodar om at «signala me gjev frå oss—ja eller nei, eller kanskje—bør vera tydelege». Eg opplevde at me skar bort all unødvendig medkjensle, og at slike signal spraka i alt me gjorde for kvarandre.  

Skolastikk

av Bjarne Bjørnevik


I dag tidleg vakna eg av at skjelettet gnog i kjøtet mitt. Eg stod opp og kjente at knoklane spila og sleit under huda. Ein pukkel bula ut av ryggen min. Eg gjekk ut døra. Det var vindfullt. Folk hasta forbi. Eg banna og slo jakka mi over hovudet.
     Min gamle venn Job sat aleine i busskuret. Han bomma ein røyk. «Er det alltid like jævlig for sånne som oss?» spurde eg. «Jepp», svarte han beintfram, «ingen veg utanom. Det er som i forteljinga om jenta som giftar seg med bøffelen.» Job kika åndsfråverande på regnet. Han tok eit langt drag av røyken og krøkte seg saman. Ein vind sneia skuret. Eg stakk inn tilbyen. Der lånte eg ei bok om skolastikk på biblioteket. På vegen heim kjøpte eg fire Tuborg på Bunnpris.
     Eg låg på golvet heime og gjorde øvingane fysioen hadde vist meg. Leilegheita var trekkfull. Regnet tipla mot kjøkenvindauget. Eg bladde i boka mi og tenkte at kroppen min er forfalska. Korleis kan eg bli ein av dei andre? Eg fekk lyst til å ropa ut at det er umogleg å lappa meg saman. Inni meg skein skjelettet som ei lampe.