Her kan du lese nyskrivne tekster frå tidlegare elevar ved Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og tankar dei har om skriving, lesing og året ved skriveskulen. Skulen er eit samarbeid mellom Minotenk og Det Norske Samlaget. Blir du nysgjerrig? Du kan lese meir om Forfattarskulen her. Skulen har søknadsfrist i november 2025. Viss du har spørsmål, så kontakt leiar Therese Tungen på t.tungen@samlaget.no.
Denne gongen får du møte Arturo Tovar.
Kven er du, Arturo?
Eg heiter Arturo Tovar López. Eg er fødd i 1983 og oppvaksen i Mexico by. Eg er fotograf og scenekunstnar og lagar eigne produksjonar. Eg har studert teater i Mexico by, Santiago de Chile, London og Oslo. Eg arbeider mykje som sjukehusklovn, i den grad at det inspirerer mykje av arbeidet mitt og blikket mitt på kunst. Eg er heilårssyklist og matentusiast. Sjølv om eg ikkje er fødd i Noreg, ser eg på meg sjølv som unorsk. Hovudmotivasjonen bak kunstverka mine dei siste åra er å bli så norsk som ein kan vere.
Kva slags tekst har du skrive?
Eg har skrive ein kritikk av matkulturen i Noreg, ein kultur eg reagerer kraftig på. Eg ser ei undervurdering av eigne tradisjonar som fører til at nordmenn i staden tileignar seg framande, populære tradisjonar på eit overflatisk vis. Eg ønskjer å sette lys på eigenverdien i det å vere norsk og dei norske tradisjonane frå eit innvandrarperspektiv. Det viser seg at eit lite land som Noreg kan vere lett å påverke for store marknadsføringsrørsler som McDonalds, Coca-Cola og liknande. Eg vil yte motstand mot den norske banaliseringa av meksikansk kultur på ein humoristisk måte. Teksten min er ein makaber plan for å hemne meg på dei som øydelegg meksikansk mat og dermed saboterer gode, norske identitetsikon.
Kanskje eit vanskeleg spørsmål, men kvifor skriv du?
Eg skriv fordi eg måtte finne ein måte å uttrykke meg på som ikkje lenger var mogleg med teater og foto. Eg skriv fordi eg måtte seie noko som måtte seiast på ein annan måte. I skrivinga har eg funne ein måte eg kan vere meksikansk og norsk samtidig på. Eg leiter framleis etter ei røyst, ei norsk røyst som gjer at eg kan tillate meg å vere den eg er blitt, ein som er herifrå og ikkje er herifrå samtidig. Eg skriv for å finne ut kven eg er.
Og kva liker du å lese?
Eg likar å lese aviser. Eg likar å lese for barna mine. Eg likar å lese historiebøker og kokebøker. Eg likar å lese dikt og noveller. Eg høyrer mykje lydbok mens eg syklar. Akkurat no les eg Det kveldar på Kobbeskjer av Jakob Sande.
Brev til tacoekspertar i Noreg
av Arturo Tovar
Det viser seg at dei fleste i Noreg er tacokulinariske ekspertar. Mange har ei god oppskrift på guacamole. Eg har fått nøyaktig opplæring i korleis ein brettar ei tacolefse, kor mykje kjøtt, agurk, paprika, boksmais og rømme ein kan fylle eit tacoskjel med før det knekk. Eg har også fått høyre andre løyndommar, som kva for eit krydder som er best, anten Old El Paso eller Santa Maria. Men viss du tenkte at eit av dei var best, så tek du feil. Det er eit som blir selt på Gutta på Haugen i Oslo som er økologisk og muy bueno og autentisk, seier ekspertane. Så må du blande det med First Price-krydder for at kjøttet skal få rett farge. Det skal vere oransje. Tacoskjel skal sjølvsagt bakast litt i omnen for å få rett konsistens. Kva er rett konsistens? Og lefsene skal varmast opp i omnen i aluminiumsfolie. Ikkje meir enn fire til fem om gongen. Og om du ikkje har ein taco-kjøtthakkar, blir kjøttbitane ujame og vanskeleg å fylle opp skjelet med.
Viss du er i Mexico city og dreg på ein restaurant og bestiller TACO, så kjem dei til å stire på deg. Det er som å gå inn på ein kafé i Noreg og bestille «ein påsmurd».
Kjære landsmenn, eg har dårlege nyheiter til dykk: Taco er ikkje ein rett. No skal eg mexicansplaine for dykk. Taco er ein måte å ete maten på med hendene. Sjå for deg dette: Det er varmt og lummert, ein høyrer hundane bjeffe utanfor, det blir spelt cumbia frå radioen i bakgrunnen heile dagen, det luktar våte urter og røykt chipotle chili, sveitte og litt kloakk. Alle sit ved bordet, og når eg seier «alle», meiner eg alle, som i: Abue Pepe, Chata, Lu, Abue Lalo, tante Lulu, brørne, naboen Lucia og kusina hennar, Lucha, Raul, Paco Juliana og Alejandra frå skulen, hunden under bordet, og kanskje eit par gigantiske fluger som har tjuvstarta på maten.
På bordet er det vanlegvis ris, bønner og kanskje kjøtt eller noko i ei gryte. Ikkje noko kjøttdeig med oransje krydder, men kylling i chipotlesaus, fisk med grønsaker, lantidssteik lam, langtidssteik svinekjøtt, ofte restar frå heile veka i marinade laga av tørka chili, som guajillo ellerancho med appelsinjuice. Det kan også vere sopp med epazote og lauk. Og alltid ved bordet er det salsa verde, salsa roja, ranchera, habanero og aguacate med cilantro. Cilantro er koriander, for dei som er språkfattige. Restar, restar, restar. Det vi ikkje brukar, er spisskum. Første gongen eg smakte spisskum, var eg 25 år og åt texmex i London, det vil seie amerikansk versjon av mexicansk mat servert på eit anna kontinent.
Spisskum vart først brukt i Egypt for circa 4000 år sidan for å skjule ròten smak på kjøttet. Noko å tenkje på.
Tilbake til bordet i Mexico. Sist, men ikkje minst finn ein også nysteikte tortillalefser laga av mais, blå eller kvit mais, ikkje gul. Ein tek to tortillalefser (som er ein pleonasme), ei på handa, og så brukar ein den andre til å dytte maten frå tallerken og til den andre tortillaen. Og det ein har i hendene, er ein taco.
Det finst norsk taco, med ein låg standard når det gjeld råvarer og smak, med kondiment som kan leve i skapet i opptil fleire år utan at dei blir dårlege. Norsk taco er eit symptom på eit samtidskolonialistisk samfunn, som har tileigna seg framande identitetssymbol som markørar for eit privilegert og overlegent folkeslag: english tea, american pizza, california maki, trøndersalami, poweryoga, latteryoga, tacokrydder. Sverre har fått sjukt fete dreadlocks på surfertur til Mahui. Gudrun, Olaug og Rannveig fann seg sjølve på yogaretreat i Thailand. Hedvig og Håkon skal gifte seg på Vestre Toten med Hawaii-tema.
Eg planlegg hemn.
Neste gong eg reiser til heimlandet, skal eg opne ein nordisk restaurant. Her skal vi jobbe hardt for å gi besøkande eit tydeleg inntrykk av kva norsk mat og kultur kan oppsummerast som. På veggane skal det henge bilde av Lillehammer-OL, Lillestrøm SK i kamp mot Vålerenga, Märtha Louise og Durek Verret i Hardanger. Vi skal spele «I Dovregubbens hall» av Grieg og «Rumpa mi» med DDE i loop. Møbla skal minne om Hunderfossen familiepark, DNT sine hytter og Viking-museet.
Restauranten skal heite «Fredagskos». Alle som jobbar i restauranten, skal ha vikinghjelm og fletter. Dei skal ha på festbunad frå Obs (Made in China).
Her skal vi ha følgande rettar på menyen:
Nordisk gryte
Kjøttsuppe med kål, gulrot, loff, boks-sjampinjong og boks-mais. Inspirert av fårikål, viltgryte, sodd og pytt-i-panne. Krydra med gourmetkrydderet Gastromat.
Ja, vi elsker
Pølse i lompe, vaflar med First Price-syltetøy. Blir servert med norske flagg (desse er mest til pynt, men er etande).
Nordisk påsmurt
Loff stappa med fuglefrø, 80 % majones, fiskekaker med 80 % mjøl, 10 % potetmjøl og 10 % fiskefeitt?
Og til dessert:
Verdas beste
Ein slags dessert
80 % sukker, 10 % eggekvite, 10 % mjøl, med tilsett mandelsirup.
Vaniljeis
Utan vaniljie, men med mykje gul konditorfarge.
Risengrynsgraut
Findus risengrynsgraut rett frå mikrobølgeomnen.
Drikkemeny
Akevit med Pepsi Max
Solo med Pepsi Max
Eplemost med Pepsi Max
Øl med Pepsi Max
Imsdal med Pepsi Max
Med vennleg helsing Arturo
Teksta er henta frå prosjektet Brev til det norske folket, kapittelet «Mat og næring».