Drøymer du om å gi ut bok? Forfattarskulen tek no imot nye søknader for 2025

Ber du på ein draum om å bli forfattar? På Forfattarskulen får du møte lærarar som er blant våre fremste forfattarar.

Skulen går over eitt år med fem helgesamlingar (fredag–søndag). I tillegg får du tilbod om tilbakemelding på tekstar mellom samlingane. Første samling er i starten av februar 2025. Forfattarskulen er eit gratis tilbod til dei ti elevane som blir plukka ut og reise og opphald blir dekt.

Skriveskulen er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk. Målsettinga er å skape eit større litterært mangfald og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen. Forfattarskulen er for skrivande med minoritetserfaring. Som søkar må du vere over 18 år og ikkje vere etablert forfattar.  Søknaden skal innehalde eit brev der du fortel om deg sjølv, bakgrunnen din og motivasjonen for å søke. I tillegg må du sende 5–10 sider skjønnlitterær tekst eller sakprosa skriven på nynorsk (t.d. dikt, kortprosa, novelle, utdrag frå større manus, barnebok).

Nynorsk vil bli arbeidsspråk gjennom kurset, men det er ikkje krav om at nynorsken skal vere feilfri. Vi er opne for søknader både frå dei som allereie har nynorsk som sitt skriftspråk, og dei som har ønske om å arbeide litterært med nynorsk som sitt skriftspråk.

Nokre eksempel på kva vi legg i omgrepet «minoritetserfaring»: Nasjonale minoritetar, skrivande med funksjonsnedsetjing eller funksjonsvariasjon, kjønnsminoritetar, skrivande med samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn eller innvandrarbakgrunn.

 

Frå 2022 til 2024 har Forfattarskulen hatt m.a. desse forfattarane inne som gjestelærarar og foredragshaldarar: Camara Lundestad Joof, Nina Grünfeld, Brynjulf Jung Tjønn, Fredrik Høyer, Demian Vitanza, Fatemeh Ekhtesari, Kathrine Nedrejord, Gunnar Wærness, Pedro Carmona-Alvarez Maria, Kristin Fridtun og Maria Tryti Vennerød.

 

 

Send søknad til t.tungen@samlaget.no.

For spørsmål, kontakt Therese Tungen t.tungen@samlaget.no.

Søknadsfrist: måndag 14. november 2024 kl. 23.59.

Første og andre samling blir i Oslo.
Første halvdel av februar og siste halvdel av april (datoar kjem).