Første roman om ei av dei mest dramatiske ulykkene i Noreg

«Eg håpar Puslingar kan vere med på å sikre at forteljinga om Kielland-ulykka lever vidare.»

27. mars 2010 las eg for første gong om ei plattformulykke i Nordsjøen nøyaktig 30 år tidlegare. Ifølge artikkelen omkom 123 menneske då Alexander L. Kielland, hotellplattforma ved produksjonsriggen Edda 2/7 C, mista det eine beinet og tippa heilt rundt. Eg må innrømme at eg var ein smule sjokkert. Korleis kunne det ha seg at eg 24 år gammal aldri hadde høyrt om den største arbeidsulykka i Noreg etter krigen?

Granskingskommisjonen

Eg las alt eg kunne finne om ulykka i dei digitale arkiva til Nasjonalbiblioteket. I rapporten til den regjeringsoppnemnde granskingskommisjonen stod det klart og tydeleg kvifor Alexander L. Kielland hadde mista det eine beinet: Ein dårleg sveis rundt eit instrument for å måle posisjonen, ein hydrofon, «hadde fått en noe uheldig råkeform samtidig som innsmeltingen i hydrofonholderen var blitt for liten» (1). Den dårlege sveisen førte til ein sprekk som til slutt vart så stor at heile staget knakk av. Dette førte igjen til overbelastning på dei andre staga, som eitt etter eitt også knakk av, før heile plattformbeinet til slutt lausna.

Med andre ord: Det franske verftet som bygde Kielland-plattforma, hadde skulda.

Offentlegheita ser stort sett ut til å ha slått seg til ro med konklusjonen til granskingskommisjonen. Straks Alexander L. Kielland var snudd i 1983, og dei døde som låg inne i plattforma, var henta ut, vedtok Stortinget å senke riggen på 700 meters djup.

Overlevande og etterlatne hadde derimot framleis mange spørsmål. Dei ville mellom anna vite korleis ein sprekk i eit av staga hadde fått vekse utan at nokon oppdaga det. Heilt andre forklaringar vart også lanserte: Kunne det for eksempel ha vore ein eksplosjon? Granskingskommisjonen ville ikkje undersøke denne teorien i det heile, men metallekspertar frå Universitetet i Oslo fann spor etter ekstremt høg varme i brotflatene til eit av dei andre staga som var knekt av (2).

Girl power

I Puslingar er det tenåringsjenta Marita som er den største forkjemparen for å ta opp saka på nytt. Faren hennar Jonny var på plattforma då ho kantra, og i eit forsøk på å finne ut kva som hende med han, dukkar eit nytt spørsmål opp: Har heile sanninga om Kielland-ulykka komme fram?

Svara ho finn, for ikkje å snakke om motstanden ho møter, kan vere med på å forklare kvifor eg ikkje hadde høyrt om Kielland-ulykka i 2010. Dess meir Marita undersøker saka, dess meir tydeleg blir det at den ferske oljenasjonen hadde alt å tene på at saka vart lagd død. Historia om Kielland-ulykka er nemleg historia om ein ung bransje der god inntening er viktigare enn tryggleik. På land stod politikarar og ansvarlege styresmakter og delte ut dispensasjonar. Då ei storulykke til slutt hende, spelte dei overraska. Dei hadde ikkje høyrt eit pip om det brutale arbeidslivet i Nordsjøen der den som melde frå om manglande tryggleik, vart send på land.

Marita opplever også at familien vil gløyme, og at ingen av vitna vil snakke offentleg om det dei veit. Dei er naturlegvis redde for å miste jobbane sine eller henge ut kollegaer. Etter eit massivt fokus på Kielland-katastrofen i første delen av 80-åra er det heller ikkje til å komme utanom at media og «folk flest» verkar å ha gått leie av saka. Eit anna moment er at snuinga av plattforma hadde vore ein lang og dyr prosess. Det fekk då vere grenser for kor mange ressursar landet skulle bruke på saka!

Gjennombrot

For venner og familie verkar Marita konspiratorisk, slik også dei som har jobba for ei ny gransking, har blitt skulda for å spreie konspirasjonsteoriar. Romanen sluttar i sinne, ei kjensle av å føle seg svikta av ein heil nasjon, men kanskje får forteljinga ei slags happy ending utanfor fiksjonen? Då eg begynte å skrive Puslingar i 2015, var det ingenting om havariet i media. Året etter var situasjonen derimot ein heilt annan. Hausten 2016 trykte Stavanger Aftenblad eit heilt bilag om havariet, og Marie Smith-Solbakken ved Universitetet i Stavanger oppsummerte forskinga si i den svært gode boka «Alexander L. Kielland»-ulykken – hendelsene, etterspillet, hemmelighetene. I både artiklane i Aftenbladet og boka til Smith-Solbakken får vi intervju med vitne som bekreftar teoriar som tidlegare berre har vore presenterte som rykte og spekulasjonar.

Også etter at romanen gjekk i trykken, har det halde fram med å komme nye opplysningar. Seinast i slutten av august avslørte Stavanger Aftenblad at plattformsjefen på Kielland skal ha fått nei frå Phillips Petroleum til å inspisere sprekkar i plattforma (3).

Tyngda til Universitetet i Stavanger, grannsemda til Stavanger Aftenblad og sjølvsagt alle vitna som har stått fram med fullt namn, har gjort det umogleg å avvise dei nye opplysningane som konspirasjonsteoriar. Sommaren 2019 vedtok Stortinget at Riksrevisjonen skal gå gjennom Kielland-saka på nytt.

Generasjonsskilje

Då eg begynte å snakke med folk om Kielland-havariet, oppdaga eg raskt eit generasjonsskilje. Venner og familie som var fødde i midten av 80-åra eller seinare, visste stort sett ingenting om ulykka, medan dei over 40 år hugsa nøyaktig kor dei var då meldingane om den kantra plattforma kom. Så mykje meir enn at det var ein frykteleg katastrofe der svært mange omkom, var det likevel få som kunne fortelje noko om, uansett alder.

Uavhengig av kva Riksrevisjonen konkluderer med, håpar eg Puslingar kan vere med på å sikre at forteljinga om Kielland-ulykka lever vidare. Ja, eg forstår framleis ikkje heilt at eg kunne bli 24 år før eg høyrde om havariet. 

Sigri Sandberg (Foto: privat)

For det første: Historia om Kielland-saka har alle ingrediensane som skal til for å bli til bøker, filmar og tv-seriar: eit ekstremt dramatisk havari, viktige dokument som blir sporlaust borte, og, ikkje minst, ei rekke teoriar om kva som eigentleg hende. For det andre: Mennene som blei ramma av havariet, skapte bransjen som i dag er med på å finansiere velferda vi tar for gitt. Dei er ofra til ein ung oljenasjon som tok unødvendig store sjansar for å sikre mest mogleg inntening, og som prøvde å dekke over feila sine i ettertid. Historia deira bør med andre ord vere ein sentral del av det kollektive minnet vårt.

 
Referansar

1) Nou 1981:11 – «Alexander L. Kielland»-ulykken, s. 84

2) Marie Smith-Solbakken (red.): «Alexander L. Kielland»-ulykken – Hendelsene, etterspillet, hemmelighetene, Hertevig Forlag 2016.

3) Stavanger Aftenblad, 24.08.2019 

Atle Berge:  Puslingar

Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra,
og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje.

Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta. Skal ikkje nokon stillast til ansvar for at 123 oljearbeidarar mista livet på jobb?
«Puslingar» gir innblikk i ungdomstid og framtidsdraumar prega av ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra.