I for internatunge. Ei forteljing frå 1950- og 60-åras Finnmark.

 

I for internatunge. Ei forteljing frå 1950- og 60-åras Finnmark.

Om I for internatunge kan bidra til at nokon som kanskje aldri har delt sine internatopplevingar med andre, med dette kan få ein impuls til å gjere det, er eg glad for det.

 

Internatunge. Det tok lang tid, mesteparten av skriveperioden, og berre ein månad før eg leverte manus, at eg, sjølv ein internatunge ein gong, tasta inn ordet «internatunge» som tittel på boka. Det blei I for internatunge. Blei vendinga «i for internatunge» brukt den gongen? Ikkje som eg veit. Men omgrepet «internatunge» blei ofte brukt, der den som sjølv var internatunge, lett høyrde den store bokstaven I, at ordet var ei namngiving, når ein eller annan av ulike grunnar hadde behov for å skilje skoleungane som budde på internatet, frå dei som ikkje budde på internatet.


Boka skulle eigentleg ikkje handle om internatet, ho skulle handle om den fosterheimsplasserte guten, om korleis barn i svake omsorgsstrukturar kan utvikle mønster av omsynsløyse seg imellom. Ved flytting til ny fosterfamilie kom guten til å bu slik at han også måtte reise og bu på internat i skolevekene; i ettertid kan eg tru at det var det underbevisste som slik festa grep om skrivinga. Etter kvart tok internatet meir og meir plass, det fekk nærmast ein eigen stemme eller kropp. To innesnødde og mørklagde uvêrsdøgn på internatet oppstod så som ei eigna ramme for å kunne tydeliggjere roller: dels roller dei innestengde barna og vaksne allereie hadde, dels roller dei utvikla der og da. Forteljinga samla seg om korleis strukturar ved sjølve skoleinternatet, fysiske og menneskelege, kan leggje til rette for barns omsynslause behandling av kvarandre. Korleis krenkingar og overgrep for det enkelte barnet kan vare ved gjennom heile skoletida, utan at dei vaksne i miljøet eller heime heilt får overblikk over eller forstår kva som hender.

I midten av juni 2019 var eg i Kjøllefjord og blei bokbada i regi av Nordkyn Bok og Papir og Kjøllefjord Bibliotek. Nordkyn Bok og Papir er ein unik bokhandel på den nordlegaste spissen av landet, ein bokhandel beskriven som «med sjel og kunnskap», og som etter kvart har etablert seg som ein eigen kulturinstitusjon. Bokhandelen ble i 2017 kåra til Årets bokhandel. Bokbadet fann stad i Bua på Folldalsbruket. Kjøllefjord var utover 1900-talet ein del av internatland, og bokbadet blei slik eg hadde håpa, med samtale mellom og forteljingar frå personar med eigne internaterfaringar. Om I for internatunge kan bidra til at nokon som kanskje aldri har delt sine internatopplevingar med andre, med dette kan få ein impuls til å gjere det, er eg glad for det.


1900-talets historie om reisinga av internatskolane i Finnmark, nærare 100 i talet fram mot 1940, er ei snart gløymd historie. I for internatunge er ei forteljing om den mørkare delen av denne historia. Eg avsluttar med nokre linjer frå epilogen:

                  Utover heile 1900-talet kom dei, sjuåringane. Kvar av dei frå ein heim med sin eigen kultur, si eiga historie og sine eigne forteljingar, i lange periodar skilde frå sitt eige. På internatet blei dei byggjesteinar i internatet si historie, internatet sine forteljingar, lemar på internatet sin kropp. For nokre blei livet på internatet ei kjærkomen avveksling, fleire å leike med, betre kosthald. For andre blei internatlivet årelange erfaringar med overgrep og mishandling. Det meste gjekk føre seg i ei slags stille.


  Rakel Solstad, 10.09.2019

 

Rakel Solstad:  I for internatunge

 

Ei var og brutal forteljing om å vekse opp på internat Dette er forteljinga om Elis, Arno, Frans og Máret, som alle må reise frå heimen sin for å leve og bu i utrygge omgivnader på skuleinternat, langt vekk frå familie og omsorgspersonar – og om kor stygt barn kan behandle kvarandre. I for internatunge er eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og kvenske befolkninga.Solstad har skrive ein roman med vare, sterke og brutale historier om kva det kan gjere med eit menneske å vekse opp under ei slik emosjonell omsorgssvikt.