Les første kapittel i haustens mest nervepirrande roman

Søndag 18. november

Advokat Berg smyg seg langs veggene, slik dei to takstmennene  hadde gjort veka før, mens Nina heller kaffien over på kanne og finn ei skål til den mørke sjokoladen. Ja, seier Berg til slutt med silkemjuk stemme, og klakkar over golvet mot Nina. Det vil utløyse ein pen sum, dette  her.  Ho er kledd i ei smal, svart drakt og ein fløytekvit bluse. Sjølv på høge hælar er ho eit hovud lågare enn Nina.  Eg ville jo føretrekt å behalde huset, svarer Nina, i ein dystrare tone enn ho hadde tenkt.  Det forstår eg, seier Berg. Kor lenge har de budd her?  Det er barndomsheimen min, seier Nina og legg innpå  ein ny vedkubbe. Me overtok då dotter vår var nyfødd. For  trettifem år sidan. Mange minne … seier Berg med hovudet på skakke,  trøystande, mens Ninas vemod eller regelrette sorg over å miste huset blir avløyst av irritasjon over Bergs uvane med  å snakke i ufullstendige setningar.  Ho ser på klokka. Han er her straks, seier ho, men Berg viser med ei hand at  ho skal slappe av. Nina knip av eit par visne blad frå pottene  i vindaugskarmen mens ho stirer ut.  Nei, det er jo ei spesiell sak, dette, kjem det frå advokaten,  og Nina snur seg.  At ein byråd endar opp med å måtte rive sitt eige hus, meiner eg.

Mads var naturlegvis inhabil i saka, seier Nina, men ja. Dei høyrer det gå i ytterdøra nede, og like etter kjem han galopperande opp trappene med Milja på ryggen. Han bremsar ved synet av advokaten. Der var du, ja, seier han og kremtar. Han slepper Milja ned på golvet, strekker neven ut mot advokaten. Mads Glaser, seier han. Flott at du kunne komme på ein søndag. Eg har vore i Peparkakebyen, proklamerer Milja kry med knallraude kinn til advokaten. Berg smiler innyndande tilbake. Ja, me har barnebarnet vårt på besøk, seier Nina. Men me skal nok klare å passivisere henne med litt tv. Ho nikkar til Mads, som fører Milja inn i den andre stova. Nina og Berg drar ut kvar sin stol ved spisebordet. 

Mads vrenger av seg ullgenseren, rettar på skjorta under, før han sluttar seg til dei. Det fuktige gråsvarte håret krøllar seg ved øyro. Berg drar ein tjukk bunke med dokument opp av veska si og set eit par briller på nasen, briller Nina intuitivt mistenker er utan styrke. Ho blar seg gjennom papira sine med perlemorslakkerte negler, og ser opp på dei. Kort innføring i ekspropriasjonslova? Ja takk, seier Nina, men Mads bryt henne av. Nei, seier han, det er ikkje nødvendig. Som eg sa på telefonen, er me innstilte på å komme til ei minneleg løysing. Ok? seier Berg og ser på Nina, som nikkar motvillig. Berg begynner å legge ut i høgt tempo om Nina og Mads sine rettar no når det først ligg føre eit endeleg vedtak om at bybanetraseen skal gå tvers gjennom stova deira. Nina lyttar med lett rynka panne for å vise at ho heng med, trass i alle dei juridiske termane. Ho vekslar diskré blikk med Mads, som himlar umerkeleg med augo og reiser seg. Kaffi? seier han, for å bryte av Bergs talestraum. Han grip kanna, stiller seg til venstre for henne og skjenker som ein servitør. Me kan dessutan krevje at kommunen dekker sjølve flyttinga, held Berg fram. Me kan til og med krevje at deidekker innkjøpet av for eksempel nye gardiner, dersom dei gamle ikkje passar i det nye huset. Det heile kjem an på kor langt de er villige til å gå. Ikkje fullt så langt, trur eg? seier Mads og klør seg i tinningen. Får me hjelp til å finne noko nytt, spør Nina, eller får me ein sum utbetalt og må inn på bustadmarknaden og finne noko heilt på eiga hand? Berg ler først, som om spørsmålet er humoristisk meint, før ho forstår at Nina spør i fullt alvor. De må nok finne noko sjølve, ja, seier ho med eit kremt.Og eg ville begynt å leite allereie no, var eg dykk. Herregud, no skal me måtte bruke alle helger på visningar og bodrundar, seier Nina med aversjon til Mads. Stein, saks, papir mellom Haukeland og Nygårds høyden, då, seier Mads og løftar ei knytt hand mot Nina. Kven skal få kortast veg til arbeid?Du tar ikkje attval? spør Berg. Han heisar på skuldrene. Eg hadde aldri trudd eg skulle seie det, men eg har begynt å sakne alle dei tette biholene. Når det gjeld å verkeleg utgjere ein forskjell for folk, kan eg trygt seie at øyre-nasehals slår byrådet ned i støvlane. Akk, den resignerte helsebyrådens tale, seier Nina. Menkven av oss har flest år igjen i arbeidslivet? Eg kjem utelukkande til å gå på visningar innanfor ein radius på 100 meter frå HF-fakultetet.

Vel, det er berre å begynne jakta, sjølv om rivinga ligg litt fram i tid. Som du veit, seier Berg og ser på Mads, trur eg me skal kunne lande ein svært god avtale dersom de viser vilje til å handle nokolunde raskt. Nina kjenner ein støyt av kvalme ved ordet «riving», ho løftar servietten til munnen og kremtar. Med dette huset vil eg nesten seie at utfordringa blir å finne noko som er bra nok, held Berg fram. Dersom de ønsker noko tilsvarande i standard og stil, sjølvsagt. Høyr, høyr, seier Mads. Om de då ikkje gjer det enkelt og flyttar inn i Birkeveien, seier advokaten. Mads ser spørjande på Nina, som ser på Berg. Då vil de jo unngå bustadjakt heilt og kan putte pengane i banken, held ho fram. Det er heilt uaktuelt, seier Nina bestemt. 

Eit oppussingsobjekt frå kva tiår? Femtitalet – minst, seier Mads. Det er nok ikkje eit alternativ, nei. Berg legg brillene ned. Ho samlar fingertuppane mot kvarandre, som ein meisterhjerne, støttar olbogane på bordet og lener seg litt mot klientane. Greitt. Skal me då legge ein plan for korleis de skal komme best mulig ut av dette? spør ho, og Nina nikkar tappert.  Dei blir ståande i stoveglaset og sjå ned på den svarte Audien, som Berg lirkar att og fram i minst eit minutt før ho får snudd. Det er uverkeleg, heile greia, sukkar Nina då bilen glir tilbake nedover bakken i den tidleg mørke ettermiddagen. Ho møter sitt eige blikk i refleksjonen, augo er to svartefelt, regnet sildrar. Ja, seier han og lar handa gli gjennom det skulderlange, mørke håret hennar. Er det berre meg, eller er du begynt å kle deg meir i svart? seier han og plukkar eit hår vekk frå kjolen hennar. Det er trass alt mi første livskrise, seier ho. Det bør jo understrekast på eit vis. Han tar eit steg vekk og set seg på pianokrakken. Legg hendene mot klaviaturet og begynner å spele Couperins «Les Barricades Mystérieuses» svært langsamt. Slutt! kjem det straks frå tv-stova. Trettifem år, seier Nina. Blir du ikkje litt sentimental, i det minste? Han smiler mismodig. Eg har gjort det eg kunne, seier han med blikket mot notearka. Det gjekk ikkje. Eg veit det, sukkar ho. No må me berre gjere det beste ut av det. Og i det minste lande ein nokolunde god avtale. Ho blir stille. Ser mot parsellhagen over vegen. Som ho kjem til å sakne han til våren. Ho trekker ut ein stol, set seg ned.  Birkeveien, seier ho brått og snur seg mot han. Kven er det som leiger der no? Ei ung åleinemor, seier han utan å stanse spelinga. Ho har budd der eit par år no. Me skulle ikkje berre ha kvitta oss med den i same slengen?Nei, kvifor det? seier han. Eg veit ikkje, seier ho og trekker på skuldrene. For enkelheits skyld. Den kan vere fin for Ingeborg og dei etter kvart, seier han. Så min barndomsheim er det ikkje så nøye med. Mens det gamle reiret til tanta di –. Han løftar hendene av tangentane og gnir handflatene mot buksebeina. Ser på henne. Ja då, seier ho. Eg veit. Du gjorde det du kunne. Jo seier det lønner seg å leige ut. Bustadmarknadseksperten, seier ho hånleg. Ho går bort og set seg ved spisebordet, tar eit par kjeks over på fatet, litt ost og frukt. Rart, seier ho. Eg hugsar ikkje gravferda. Til tante Lena? Det er ikkje så rart, for du var ikkje der. Ikkje? Ho døydde mens du hadde forskaropphaldet ditt i København.Milja kjem hoppande ut frå tv-stova og klatrar opp på morfarens fang. Här kommer Pippi Långstrump, syng Mads og slår an ein akkord mens Milja klaskar begge hendene mot tangentane. Og kva tid var det me skulle overlevere dette eksemplaret? seier han. 

  

Milja held Mads i handa og stirer fjetra på ein av dei urtidsaktige krokodillane då Ingeborg kjem ned trappa.Krokodillen står fullstendig stille i vatnet bak det tjukke glaset og stirer tomt og stivt tilbake. Mamma! jublar Milja og slepper morfaren, Ingeborg set seg på huk og tar imot den springande klemmen. Mamma, eg såg ein hai, seier Milja alvorleg, og Ingeborg hevar augebryna anerkjennande. No viser morfar deg apekattane, seier ho og reiser seg, sender faren eit myndig blikk. Mens mormor og eg tar ein prat i kafeen. Mads ser spørjande etter Nina, som blir ført opp trappene av dottera, ho trekker uforståande på skuldrene til svar. Dei tar bordet inst i hjørnet i den halvtomme kafeen. Ingeborg henger den grå ullkåpa over stolryggen, men beheld skjerfet på, det er pakka rundt halsen i eit intrikat system.

Nina finn fram lommeboka og reiser seg. Kva vil du ha? Golden milk, svarer Ingeborg. Kva for noko? Ingeborg ser oppgitt på mora. Soyamjølk med gurkemeie? seier ho. Ingeborg. Dette er ein pølsekiosk. Du er heldig om du får ein kopp te. Isvatn, då. Døtrer er ein vanskeleg sjanger, tenker Nina mens ho ventar på å betale. Ho gløttar diskré bort på Ingeborg, som sit opptatt med mobilen, mens pingvinar vaggar rundt i bakgrunnen. Ho tenker på elektrakomplekset, C.G. Jungs forslag til jenteversjonen av ødipuskomplekset, der små døtrer fantaserer om å drepe mor for å erobre far. Freud anerkjende aldri elektrakomplekset som eit reelt fenomen, mens ho sjølv fleire gonger har tenkt at Jung var inne på noko. Kva ville du snakke med meg om? spør Nina forsiktig då ho er tilbake ved bordet. Ingeborg opnar munnen for å svare, men leppene vrenger seg før ho får sagt noko. Nina rynkar bryna, mens dottera anstrenger seg for å samle ansiktet igjen. Først no ser ho at dottera har mørke skuggar under augo. Håret er samla i ein kaotisk knute i nakken, skuldrene er høge og spisse. Me har fått skjeggkre, seier ho til slutt med tjukk stemme. Skjeggkre? seier Nina og prøver å ikkje le. Herregud, eg trudde du var sjuk! Ingeborg stirer vantru på mora. Me har vore oppe i heile natt, seier ho. Eirik er hysterisk. Men dei gjer vel ingen skade? Det er folk heime hos oss no, seier Ingeborg resignert. Me fann nokon som rykker ut i helgene. Alle har jo sølvkre no for tida? Skjeggkre! rettar dottera iltert. Så det var derfor me fekk låne Milja, seier Nina muntert. De var på jakt. Me blir nøydde til å selje, kviskrar Ingeborg og ser diskré rundt seg.  Det er vel faktisk slikt ein pliktar å opplyse kjøpar om begynner Nina, men blir raskt hysja ned. Me treng noko større uansett, seier Ingeborg. Ho legg hovudet i hendene, gnir tinningane med fingertuppane. Snart er me huslause, heile gjengen, seier Nina. Me har eitt rom for lite, seier Ingeborg og gløttar opp på mora. Ja vel? Hint, hint, seier Ingeborg. Hint, hint? Ingeborg sukkar høglydt. Du skal liksom vere professor i litteratur, men du klarer jo ikkje å tolke den minste ting! Nina ser forundra på dottera, før det går opp for henne. Seks veker, seier Ingeborg. Eg er dødstrøytt absolutt heile tida. Men Ingeborg! Nina reiser seg og klemmer henne over bordet. Så fantastisk! Takk, seier dottera matt, ho ser på mora med slitne augo. Me må jo fortelje det til pappa, seier Nina og strekker halsen for å sjå om ho kan sjå dei utanfor. Eg tenkte me skulle vente litt, seier Ingeborg. Eg ville først høyre med deg om du kanskje kunne … bearbeide han litt. Bearbeide han? Forskot på arv, kviskrar Ingeborg nesten lydlaust. Høyr her, seier Nina og klappar handa hennar lett. Hugsar du tante Lena?

Agnes Ravatn: Dei sju dørene

Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.

Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader.

Dei sju dørene er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit.